Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. To grupper hormonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

To grupper hormon

Hormon kan grupperast på fleire ulike måtar. Ei vanleg inndeling er å skilje mellom vassløyselege og feittløyselege hormon. Vi skal her sjå nærmare på desse to gruppene, og då særleg på skilnader i produksjon, utskiljing, transport, verkemåte og biologisk respons.

Produksjon og utskiljing

Spermier
Testosteron er eit hormon som mellom anna stimulerer til produksjon av spermiar. Testosteron høyrer til ei gruppe hormon som òg blir kalla steroid, og desse er feittløyselege.

Dei feittløyselege hormona, til dømes kjønnshormona og kortisol, lèt seg ikkje lagre i vesiklar, og forlèt derfor cellene ved diffusjon etter kvart som dei blir produserte.

Dei vassløyselege hormona blir produserte og lagra inne i vesiklar i celler i dei hormonproduserande kjertlane. Når cellene blir stimulerte, vil vesiklane smelte saman med cellemembranane og skilje ut hormona ved eksocytose. Veksthormon, , , og er eksempel på vassløyselege hormon.

Transport

Både feittløyselege og vassløyselege hormon blir transporterte via vevsvæske over til blodet. Feittløyselege hormon er lite løyselege i blodet, men sidan dei blir bundne til transportprotein, vil dei ikkje klumpe seg. Det finst spesifikke transportprotein som berre transporterer ein bestemt type hormon, og det finst meir generelle transportprotein som kan transportere fleire typar feittløyselege hormon. Dei vassløyselege hormona løyser seg lett i blodet og blir derfor transporterte i fri form.

Utan reseptorar – ingen hormonpåverknad.

Verkemåte

Hormona blir frakta til målcellene via blodet. Målcellene har reseptorar som passar som "hand i hanske" med det riktige hormonet. Dette gjer at informasjonen i hormonet blir avlevert til riktig adresse. Feittløyselege hormon diffunderer gjennom cellemembranen og bind seg til reseptorar inne i cella før dei utløyser ein biologisk respons.

Vassløyselege hormon bind seg til reseptorar i cellemembranen og stimulerer til ein biologisk respons inne i cella.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormonsystem og nervesystem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormonsystemet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nervesystem vs. hormonsystem

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter