Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Borrelia (Lymme borreliose)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Borrelia (Lymme borreliose)

Dei siste åra har vi blitt meir og meir merksame på den alvorlege sjukdommen Lyme borreliose forårsaka av Borrelia-bakterien.

Skogflått, en midd på rødlig hud. Foto.
Ein skogflått (Ixodes ricinus) har bora seg gjennom huda til eit menneske og syg blod. Viss skogflåtten har Borrelia-bakterier, kan han overføre bakterien til blodet til mennesket.

Borrelia-bakterien kan bli overført til menneske viss dei blir bitne av skogflått som har denne bakterien. Talet på sjukdomstilfelle er aukande langs kysten og særleg sør i landet. Utan behandling kan borreliose utvikle seg til å skade nervesystemet og bli ein kronisk (varig) sjukdom.

Spiralforma Borrelia-bakterie i blod. Mikroskopbilde.
Bakterien Borrelia theileri har infisert blodplasma til ei ku.

Borrelia er ei slekt av spiralforma bakteriar (spiroketar) der minst tre av artane kan føre til sjukdom hos menneske. Bakteriane lever i midd og kan bli overførte til menneske gjennom skogflåtten (Ixodes ricinus) når denne syg blod gjennom huda vår.

Viss ein bakterieinfisert skogflått bit og overfører bakterien, vil omkring halvparten av tilfella resultere i eit raudt utslett, ofte forma som ein ring med eit lysare midtparti omkring bitestaden. Utslettet veks fort, men er ikkje alltid lett å oppdage. Etter nokre veker forsvinn utslettet.

Eit lår med ringar av raudt utslett – Borrelia. Foto.
Utslett etter eit bit av ein skogflått. Utslettet blir kalla Erythema migrans og er det første stadiet i sjukdommen. På dette stadiet kan borreliose bli behandla med antibiotika, og ein må oppsøkje lege straks.

Etter nokre veker går infeksjonen over i neste stadium, der nervesystemet og/eller ledda i kroppen kan angripast. Ein kan då få influensa-symptom, feber, hovudpine, ansiktslammingar, muskel- og leddsmerte, konsentrasjonsproblem, hjartebank, synsforstyrringar og ei rekkje andre meir eller mindre ubestemmelege symptom som varierer mykje frå tilfelle til tilfelle. Blir ein ikkje behandla, kan sjukdommen bli kronisk.

Borreliose gir ofte diffuse og varierande symptom og kan derfor vere vanskeleg å diagnostisere. Oppdagar du ein flått på kroppen, må du fjerne han.

Ser du det raude utslettet, må du gå til lege og få antibiotika. I seinare stadium er sjukdommen vanskeleg å behandle, og symptoma kan komme og gå over lang tid.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Multippel sklerose (MS)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonsområdene til hjernehalvdelene

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Epilepsi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff