Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Grå stær (katarakt)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Grå stær (katarakt)

Grå stær er ein sjukdom der linsa i auget mister klarleiken sin. Sjukdommen er vanleg blant eldre. Hos yngre menneske oppstår grå stær oftast på grunn av skadar eller sjukdom.

Grå stær (katarakt)

Ved normalt syn passerer lyset først gjennom hornhinna (kornea), som er den glassklare hinna som dekkjer auget, deretter gjennom pupillen, som faktisk er eit hol i regnbuehinna eller den farga delen av auget. Lyset passerer så gjennom linsa, der biletet blir fokusert på netthinna bakerst i auget. Biletet blir så omdanna til elektriske signal som blir sende til hjernen.

Det er heilt avgjerande at linsa held fram med å vere gjennomsiktig for at synet skal bli skarpt. Når grå stær oppstår, blir linsa gråflekkete eller ugjennomsiktig og hindrar lyset frå å passere klart inn til netthinna. Grå stær, som blir kalla katarakt på fagspråket, utviklar seg ofte når vi blir eldre, men sjukdommen kan også vere ein komplikasjon til ein annan medisinsk tilstand. Legen må utføre ei augeundersøking for å bekrefte diagnosen og tilrå behandling.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter