Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Rus og sjukdommar i nervesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rus og sjukdommar i nervesystemet

Nervesystemet er, på same måte som andre organsystem, utsett for sjukdommar og skader. Nokre er genetisk betinga, mens andre skuldast livsstil. Det er ikkje alltid lett å avgjere om det er arv eller miljø. Men det er heilt klart at livsstilen vår har betydning, og at uheldige val kan gi konsekvensar.

Flasker med medisin som blir tømt i ein synapse. Illustrasjon.

Rusmiddel verkar på nervesystemet

Synapse der narkotika blokkerer reseptorane. Illustrasjon.
Nevrotransmitterar (raude kuler) fører ein nerveimpuls (frå venstre) over til synapsen ved å feste seg til reseptorane (rosa) på mottakarcella. Medikament og narkotika (blå trekantar) kan binde seg til reseptorane og blokkere for impulsar eller hindre nye opptak av transmitterstoff, slik at impulsane blir sende utan stans.

Inntak av rusmiddel kan med ein gong gi ei kjensle av velvære, samtidig som konsentrasjon, evna til å hugse og andre hjernefunksjonar blir svekte.

Ein blir meir impulsiv, og evna til å gjere kritiske vurderingar blir dårlegare.

Gjenteke rusmiddelbruk kan føre til at ein blir avhengig, og gi varige skadar.

finst både i produkt som blir selde lovleg, til dømes alkohol og løysemiddel, i reseptpliktige legemiddel, som morfin og benzodiazepin, og i ulovlege narkotiske stoff.

Rusmiddel verkar på nervesystemet ved at dei
  • stimulerer utskiljing av transmitterstoff – auka aktivitet
  • hindrar at transmitterstoff blir brotne ned – auka aktivitet
  • etterliknar transmitterstoff – auka aktivitet
  • blokkerer for utskiljing av transmitterstoff – hemjar impulsar
  • blokkerer reseptorar i synapsen – hemjar impulsar
  • hemjar nye opptak av transmitterstoff

Endring i hjernen over tid – avhengigheit

Synapse med reseptorar og stoff i fleire fargar. Illustrasjon.
Antidepressiva (rosa) blokkerer for nytt opptak av serotonin (guloransje perler) i den øvste cella, slik at mengda serotonin aukar. Serotonin er viktig for humør, søvn, seksualitet og appetitt. Ecstasy gir rus ved at det aukar frigjeringa av serotonin, men bruk av ecstasy kan øydeleggje nerveceller som skil ut serotonin.

Gjenteke bruk av rusgivande stoff kan føre til langvarige endringar i den frontale delen i hjernen. Ein person som har misbrukt rusmiddel over lang tid, kan dermed bli meir impulsiv og mindre kritisk til eigne handlingar i rusfri tilstand òg.

Det er òg vanleg at verknadene av rusen blir mindre etter gjenteke bruk. Dette blir kalla toleranse, og årsaka er mellom anna at hjernecellene tilpassar seg verknadene av rusen, og at ”kvileaktiviteten” i hjernecellene blir senka. Det kan føre til at kvardagslege positive hendingar ikkje gir like mykje glede og positive kjensler som før.

Risikoen for avhengigheit oppstår når rusmiddelbrukaren føler behov for å kome ut av det låge stemningsleiet og løyser problemet med rusmiddel.

Tekst frå filmen "Rusmiddel – hjernen er eit flipperspel"

Hjernen består av milliardar av nerveceller som verkar i eit komplekst nettverk.

Nervecellene kommuniserer ved å frigjere spesielle signalsubstansar som stimulerer nærliggjande nerveceller og modulerer signalaktiviteten i desse cellene.

Bruk av rusmiddel fører til gradvis utvikling av ein kompleks hjernesjukdom, karakterisert av forandringar i hjernen sin struktur og funksjon.

I tidleg fase gir rusmiddelbruken sterkt behag.

Stadig bruk fører til stadig mindre behag og stadig meir ubehag når ein ikkje tek rusmiddel.

Sidan hjernen sin struktur gradvis blir endra, får ein behov for stadig større dosar for å halde ubehaget borte. Funksjonen i hjernen blir også endra.

Endringa i strukturen og funksjonen i hjernen – den avhengige hjernen – fører til tvangsmessig jakt etter rusmiddel, på tross av skadelege konsekvensar for den avhengige.

Dei behagelege opplevingane er no historie.

Langtidsbruk av rusmiddel fører til endringar som gir stadig meir alvorleg avhengnad. Problemet med å endre denne livsstilen er ikkje mangel på moral eller vilje. Det er avhengnaden sin natur.

Rusmiddel skadar hjernen. Rusmiddel skadar deg og familien din.

Unngå avhengnad!

Hovudpine

Jente som tek seg til hovudet. Foto.

Hovudpine er ei vanleg og ofte svært plagsam liding som dei fleste menneske opplever av og til. Somme er likevel meir plaga av hovudpine enn andre, og for enkelte kan lidinga bli kronisk (varig). Livsstil er ei viktig årsak til hovudpine. Eit stressande liv over lang tid, for lite søvn, for lågt væskeinntak, feil bruk av medikament eller feil arbeidsstilling er faktorar som kan utløyse stresshovudpine.

Migrene er ei bankande smerte i hovudet, ofte i den eine halvdelen av hovudet, og er ofte følgd av kvalme. Ein trur at utvidingar og samantrekningar av blodårer i hovudet er årsaka til migreneanfalla, og at arv speler ei rolle for utviklinga av sjukdommen. Dei eksakte årsakene til migrene er ikkje kjende, men utløysande faktorar kan vere visse matvarer, stress og angst, og for lite eller for mykje søvn. Migrene må som regel bli behandla med medikament.

Skiveprolaps (skiveutgliding)

Nakke og hovud sett bakanfrå, med brennande raud farge i nakken. Illustrasjon.

Korsryggen og nakken er mest utsette for skiveprolaps. Årsaker kan vere feilbelastning over lengre tid, slik som feil sitjestilling og uheldig løfteteknikk. Skiveprolaps kan òg bli utløyst av fall og ulykker som gir brå belastning av mellomvirvelskivene. Når ein blir eldre, blir bindevevsringen svekt naturleg, og det skal mindre belastning til før ein får prolaps.

Ein frisk virvel og ein virvel med skiveprolaps som trykker på nerven. Illustrasjon.
Tverrsnitt av ryggsøyla, med prolaps nedst.

Ryggsøyla er sett saman av ryggvirvlar og fleksible mellomvirvelskiver. Ein ytre bindevevsring omgir ein geléaktig kjerne i mellomvirvelskivene. Dette gjer ryggsøyla rørleg og dempar støyt. Mellom kvar knokkel spring kraftige nervar ut til alle delar av kroppen.

Ved skiveprolaps blir den geléaktige delen av mellomvirvelskiva pressa ut gjennom bindevevsringen, slik at han trykkjer på nerverøtene og/eller ryggmergen. Dette kan vere intenst smertefullt.

Symptom er smerter som stråler ut i armar eller bein, at ein blir nomen, mister muskelstyrke og får lammingar eller kjensleforstyrringar. Viss skiveprolapsen fører til eit trykk på ryggmergen, kan urinrefleksen bli hemja, og ein får problem med å tisse.

Skiveprolaps kan behandlast på fleire måtar. Som regel vil ein først prøve sengeleie kombinert med smertestillande medikament og fysioterapi. Viss symptoma held fram, kan operasjon bli nødvendig.

Sjukdommar i nervesystemet som ikkje har årsak i livsstil

Borrelia (Lymme borreliose)

Epilepsi

Multippel sklerose (MS)

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Multippel sklerose (MS)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Borrelia (Lymme borreliose)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonsområdene til hjernehalvdelene

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Epilepsi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff