Det perifere nervesystemet er kopla til sentralnervesystemet i ryggmergen og når ut til alle delar av kroppen. Impulsar frå sansar og musklar gir informasjon til sentralnervesystemet. Signala blir tolka og impulsar blir sende den andre vegen, slik at vi kan reagere hensiktsmessig på stimuli.
(CC BY-SA)Sist oppdatert 17.06.2019
Kva er det perifere nervesystemet?
Det perifere nervesystemet.
Det perifere nervesystemet er sett saman av nervar som går ut frå hjernestammen () og nervar som går ut frå ryggmergen ().
Nervane forgreinar seg til stadig mindre nervar slik at dei når ut til alle delar av kroppen. I denne delen av nervesystemet blir signal frå hjernen formidla til dei ulike kroppscellene.
Signal frå kroppscellene blir sende tilbake til hjernen, som svært hurtig tolkar desse og sender ut nervesignal som i sin tur set i gang nødvendige reaksjonar i kroppen. Det perifere nervesystemet blir kopla saman med sentralnervesystemet i ryggmergen.
Det utoverleiande nervesystemet
Denne delen av det perifere nervesystemet er delt i ein viljestyrt () og ein ikkje-viljestyrt () del.
Det viljestyrte systemet brukar og sender signal frå ryggmergen til skjelettmusklane. Vi kan sjølve bestemme når signal skal sendast.
Ved stressituasjonar, slik som her under basehopping i Kuala Lumpur, blir det sympatiske nervesystemet aktivert.
Det ikkje-viljestyrte systemet brukar og sender signal til hjarte, blodårer og forskjellige kjertlar i kroppen. Det autonome nervesystemet er uavhengig av bevisstheita vår.
Det ikkje-viljestyrte systemet kan vi vidare dele inn i det nervesystemet, som er aktivt når du kviler og føler deg avslappa, og det nervesystemet, som blir aktivert ved stress og i kampsituasjonar.
Det innoverleiande nervesystemet
I det innoverleiande nervesystemet blir informasjon frå kroppens sanseceller sendt gjennom , via ryggmergen og til hjernen, som tolkar signala.
Refleks
Ein refleks er ein ufrivillig reaksjon som blir spreidd gjennom motoriske og sensoriske nervar. Nervesignala i ein refleks går ikkje til hjernen, men «snur» i ryggmergen. Dette gjer at reaksjonstida blir svært kort, og at vi derfor reagerer lynraskt med refleksar. Refleksreaksjonar beskyttar oss. Tilbaketrekkingsrefleksen, som trer i kraft viss du til dømes tek på noko varmt, gjer at du unngår å brenne deg. Når ein baby drikk mjølk frå mora sitt bryst eller syg på tommelen, er dette styrt av sugerefleksen til barnet.
Dei delane av kroppen som er involverte i ein refleks, kallar vi refleksbogen. Han er sett saman av sanseceller, sensoriske nerveceller, ryggmergen, motoriske nerveceller og ein muskel.
Babyar har mange medfødde refleksar, mellom anna sugerefleksen.
Ein refleks startar med at ei sansecelle blir stimulert og sender nerveimpulsar gjennom dei sensoriske nervecellene. I ryggmergen er dei sensoriske nervecellene kopla til motoriske nerveceller i synapsar. Dei sender nerveimpulsane direkte vidare til muskelen utan at signala går vegen om hjernen.
Både dyr og menneske har mange medfødde refleksar som griperefleks, dykkerefleks og sugerefleks.
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.
Hjernenervar er motoriske og/eller sensoriske nervar som spring ut frå hjernestammen og går gjennom opningar i kraniet til ansiktet, hovudet, halsen og visse andre organ, som tunga og nasa. Vi har 12 par hjernenervar. Døme er rørslenervane i auget, rørslenervane i ansiktet og i tunga.
Alf Jacob Nilsen
Spinalnervar
Spinalnervar er nervar som går ut frå ryggmergen. Desse blir òg kalla «ryggmergnervar». Vi har 31 par spinalnervar.
Alf Jacob Nilsen
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.
Det somatiske nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei viljestyrte musklane (skjelettmuskulaturen).
Kristin Bøhle
Autonomt nervesystem
Det autonome nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei indre organa. Det styrer aktiviteten i den glatte muskulaturen, i hjartemuskulaturen og i kjertlane, det vil seie så godt som alle dei indre organa våre. Det autonome nervesystemet blir vidare delt inn i det sympatiske og det parasympatiske systemet.
Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle
Motoriske nervar
Motoriske nervar leiar impulsar frå sentralnervesystemet og ut til kroppen.
Alf Jacob Nilsen
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Det autonome nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei indre organa. Det styrer aktiviteten i den glatte muskulaturen, i hjartemuskulaturen og i kjertlane, det vil seie så godt som alle dei indre organa våre. Det autonome nervesystemet blir vidare delt inn i det sympatiske og det parasympatiske systemet.
Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle
Parasympatisk nervesystem
Det parasympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som tek del i styringa av dei indre organa, og som er aktivt når du føler deg avslappa.
Alf Jacob Nilsen
Sympatisk nervesystem
Det sympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som trer i kraft i stressituasjonar, og som gjer det mogleg for oss å reagere hurtig og målretta på farar.
Alf Jacob Nilsen
Sensoriske nervar
Sensoriske nervar er nervar som sender impulsar frå sanseorgana til hjernen.