1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. SentralnervesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sentralnervesystemet

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Hjernen er hovudorganet i sentralnervesystemet. Han er veldig kompleks, og består av eit uendeleg tal nerveceller som kan formidle millionar av nerveimpulsar kvart sekund. Hjernen kontrollerer resten av nervesystemet via ryggmergen.

Hjerne med lysende ringer rundt. Illustrasjon.

Kva er sentralnervesystemet?

Overkropp hvor hjerne og ryggmarg er markert. Illustrasjon.
Sentralnervesystemet \

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Hjernen er det mest komplekse organet i kroppen og kontrollerer resten av nervesystemet.

Hjernen har om lag 1000 milliardar hjerneceller, der 100 milliardar er nerveceller og 900 milliardar er gliaceller (hjelpeceller). Kvar nervecelle kan ha opptil 20 000 dendrittar som koplar cella til andre nerveceller.

Hjernen ligg i hjerneskallen, og er beskytta av kraniet og fleire hinner. Han får informasjon frå sansane våre. Hjernen består av ein høgre og ein venstre hjernehalvdel, som kvar for seg styrer ulike aktivitetar i kroppen, men som òg samarbeider. Les meir om dette her:

Dei enkelte delane av hjernen har forskjellige funksjonar. Grovt sett deler vi hjernen inn i storhjernen, mellomhjernen, veslehjernen og hjernestammen.

Storhjernen (cortex)

Storhjernen ligg øvst og utgjer størstedelen av hjernen. Han er delt i høgre og venstre hjernehalvdel. Hjerneborken ligg omkring dei to halvdelane. I storhjernen finn vi fire dominerande område med kvar sine hovudoppgåver:

  • panneborken (problemløysing, viljestyrke og planlegging)
  • tinninglappen (tek imot og tolkar sanseinntrykk)
  • bakhovudlappen (synssenter)
  • isselappen (høyrsle- og språksenter)

Det er i storhjernen vi gjer vurderingar, trekkjer slutningar og tenkjer logisk. Her planlegg vi, les, bereknar, løyser problem og legg langsiktige planar. Det er òg her dei kreative og kunstnarlege evnene våre ligg.

Mellomhjernen

Mellomhjernen består av , og og ligg midt i hjernen som ein krage omkring hjernestammen. Mellomhjernen blir av og til kalla «pattedyrhjernen» fordi han liknar hjernen til andre varmblodige pattedyr. Mellomhjernen styrer sosiale relasjonar, hormonreguleringa, seksuelle kjensler, dømmekrafta, verdikjensler og langtidsminnet.

Veslehjernen og hjernestammen

Hjernen og ryggmargen. Illustrasjon
Hjerne og ryggmerg

Veslehjernen og hjernestammen blir av og til kalla «reptilhjernen» fordi han liknar hjernen vi finn hos krypdyr. Denne delen av hjernen styrer livsviktige, ikkje viljestyrte, instinktive funksjonar som pust og hjarterytme.

Veslehjernen styrer òg automatiske refleksar som trer i kraft når vi blir stressa, føler oss truga, hjelpelause eller kjenslemessig overbelasta. Då blir automatiske forsvarsreaksjonar som hjelper oss, aktiverte. Når dette skjer, overstyrer veslehjernen og hjernestammen resten av hjernen. Evna til å lære vil i slike situasjonar ikkje vere til stades. Veslehjernen har òg ei viktig oppgåve med å koordinere rørslene våre.

Ryggmergen

Sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet er kopla saman i ryggmergen.

Tverrsnitt av ryggmargen: gult felt innerst og hvitt felt ytterst.
Tverrsnitt av ryggmergen.

Ei snor av samanfletta nervetrådar går frå hjernen ned gjennom ryggmergen og er beskytta av ryggvirvlane. Frå kvar enkelt ryggvirvel forgreinar nervebuntar seg til ulike delar av kroppen. Ryggmergen styrer òg ein del av dei livsviktige refleksreaksjonane til kroppen.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kolbjørn skal lage film av denne 5. eller 6.6..

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff