Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nerveceller og gliaceller

Nervesystemet er eitt av to viktige kommunikasjonssystem i kroppen vår og består av to delar: eit sentralt system og eit perifert system. Felles for begge er at dei består av to celletypar, nemleg nerveceller som har i oppgåve å formidle elektriske signal, og gliaceller som fungerer som hjelpeceller.

Nervesystemet

Kropp med integnet nervesystem. Illustrajon.
Sentralnervesystemet (hjerne og ryggmerg) og det perifere nervesystemet i kroppen vår.

Nervesystemet består av to hovuddelar: sentralnervesystemet med hjerne og ryggmerg og det perifere nervesystemet som er nervar ute i kroppen. Ein nerve er forenkla sagt buntar av nerveceller. I tillegg til nervar og nerveceller har nervesystemet mange hjelpeceller som blir kalla gliaceller. Faktisk finst det meir enn ti gongar så mange hjelpeceller som nerveceller.

Nerveceller

Ei nervecelle har ein cellekropp med organellar slik du kjenner frå andre kroppsceller. Cellekroppen er liten, oftast mindre enn 0,1 mm i diameter. Nervecellene skil seg frå andre kroppsceller ved at dei kommuniserer med kvarandre og med andre celler i kroppen gjennom synapsar. Nervecellene er ein del av eit nettverk, og kan dermed halde kontakt med mange andre celler.

Lange utløparar

Mikroskopbilde av nerveceller. Foto.
Nerveceller og gliaceller frå stamcellekultur.

Nervecellene kan ha svært ulik form, men frå cellekroppen går det opptil 20 korte, meir eller mindre forgreina utløparar som blir kalla dendrittar. Dendrittane bind nervecellene saman med kvarandre og formidlar nervesignal. Nervecella har ein lang utløpar som blir kalla eit akson.

Aksonet bind nervecellene saman med andre nerveceller eller med kroppsceller, som muskelceller. Kvart akson kan ha fleire tusen synapsar. Nervecellene er ein del av eit nettverk og kan dermed halde kontakt med mange andre celler. Aksonet kan vere opp til ein meter langt, men er ofte mykje kortare. Når mange akson går saman, blir dei kalla ”ein nerve”.

Gliaceller

Elektronmikroskopbilde av nerver omgitt av myelin. Foto.
Tverrsnitt av ein bunt med nervar der myelinet er farga blått og nervefibrane brune.

I nervesystemet er det ti gongar fleire gliaceller enn nerveceller. Gliacellene er små, samanlikna med nervecellene. Lenge blei gliacellene sette på primært som støttevevsceller, men i dag veit vi at dei utfører mange hjelpefunksjonar, og skal mellom anna sørgje for at nervecellene får nok næring.

Myelin isolerer nervecellene

Nokre av gliacellene sluttar kring aksonet med mange lag mansjettar av myelin. Myelin består hovudsakleg av feittstoff, og er årsaka til den kvite fargen på den kvite substansen til sentralnervesystemet.

Nervecelle med avskåret gliacelle på aksonet/utløperen. Illustrasjon.
Skjematisk teikning av nervecelle og gliacelle (schwann-celle)

Oligodendrogliaceller myeliniserer nervar i hjerne og ryggmerg, mens ein annan type gliaceller som blir kalla Schwann-celler, myeliniserer akson i det perifere nervesystemet.

Når aksonet blir isolert av myelin, aukar effekten av signaloverføringa betydeleg. Ved sjukdommen multippel sklerose blir myelinet og/eller prosessen som dannar myelin, skadd – med det resultatet at signaloverføringa blir forstyrra.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff