Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Øyret – anatomi og oppgåverChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Øyret – anatomi og oppgåver

Sansene våre er ein del av nervesystemet. Dei har til oppgåve å fange opp informasjon om omgivnadane og formidle desse signala til sentralnervesystemet. Øyret er sanseorganet for høyrsel og dermed viktig for kommunikasjon, men det er også viktig for korleis vi registrerer bevegelse.

To barn som kommuniserer via hermetikkbokser
Det ytre øret. Illustrasjon.
Det ytre øyret består av øyremusling, øyregang og trommehinne.

Hovudoppgåvene til øyret

Øyret er eit fantastisk organ. Det fangar opp lydbølgjer frå lufta og dannar dei om til informasjon som hjernen vår tolkar.

I tillegg til at øyret er organet for høyrsel, er det òg det organet som registrerer om vi rører på hovudet, slik at vi held på likevekta/balansen.

Øyret er delt inn i tre hovuddelar: det ytre øyret, mellomøyret og det indre øyret.

Det ytre øyret

Trommehinnen forbundet med de små ørebeinene i mellomøret
Trommehinna. Det kvite feltet på tvers av hinna er dei tre små øyrebeina i mellomøyret.

Det ytre øyret består av øyremuslingen og øyregangen i tillegg til trommehinna, som er overgangen til mellomøyret. Den ytre delen av øyret har som oppgåve å fange opp og leie lydbølgjene innover mot mellomøyret og det indre øyret. I tillegg skal øyremuslingen og øyregangen verne det indre øyret mot vatn og framande partiklar.

Mellomøyret

Mellomøret bestående av hammer, ambolt og stigbøyle. Illustrasjon.

Mellomøyret er den delen som ligg mellom trommehinna og det ovale vindauget. Det er luftfylt og består av dei tre øyrebeina hammaren, ambolten og stigbøyelen. Desse tre øyrebeina er dei minste beina i kroppen vår. Oppgåva til mellomøyret er å forsterke og føre lydbølgjene vidare frå den luftfylte delen av øyret og over til det væskefylte indre øyret. Frå mellomøyret går det òg ein kanal ned til nasen, og denne kanalen blir kalla øyretrompeten. Øyretrompeten stabiliserer lufttrykket på begge sider av trommehinna.

Det indre øyret

Det indre øret. Illustrasjon.
Sniglehuset og bogegangane ser ein godt som det kvite i bakkant av denne illustrasjonen. Sniglehuset har fått namnet sitt frå forma det har.

Det indre øyret består av sniglehuset og dei tre bogegangane som medverkar til at vi held balansen. I sniglehuset sit sansecellene (hårcellene), som registrerer vibrasjonane som blir sette i gang når stigbøyelen blir trykt mot det ovale vindauget og medfører rørsle i væska. Desse vibrasjonane blir vidare sette om til elektriske signal som går via høyrselsnerven og til hjernen, der informasjonen blir tolka.

Bogegangane er væskefylte kanalar med sanseceller som sender elektriske signal via balansenerven til hjernen, som på den måten oppfattar kva posisjon kroppen er i.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Multippel sklerose (MS)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Borrelia (Lymme borreliose)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonsområdene til hjernehalvdelene

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Epilepsi

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff