Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Funksjonsområda til hjernehalvdelaneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Funksjonsområda til hjernehalvdelane

Høgre og venstre hjernehalvdel styrer ulike aktivitetar i hjernen, men dei to halvdelane samarbeider gjennom eit avansert koplingssystem i det som blir kalla hjernebjelken. Hjernebjelken består av 300 millionar aktive nerveceller som kvart sekund formidlar millionar av beskjedar mellom dei to hjernehalvdelane.

Tverrsnitt av hjernen. Illustrasjon.

I tabellen under kan du sjå korleis arbeidsfordelinga mellom høgre og venstre hjernehalvdel tradisjonelt blir oppfatta.

Venstre hjernehalvdel
Høgre hjernehalvdel
det logiske mennesketdet kreative mennesket

styrer høgre kroppsdel

styrer venstre kroppsdel

styrer det akademiskestyrer det artistiske
språk, setningar og ordbilete
tale og opplesingfargar
lesedugleikoversikt og heilskap
detaljar, fakta og analyseintuisjon
logikk kjensler
følgje instruksar og reglarmusikk, rim og rytme
matematikk, tal og logikk mønster og tilfeldig rekkjefølgje
tenkjer sekvensielt (i rekkjefølgje) rom- og retningssans
rasjonalitet dans-, kunst- og musikkoppleving
verkelegheitsorienteringkreativitet, spontanitet og fantasi
tidtidlaus
å gjereå vere

Nyare forsking viser at hjernen er langt meir fleksibel enn det ein har trudd tidlegare. Eit nytt område i hjernen kan ta over funksjonen til eit område som blir skadd. Venstre hjernehalvdel, som normalt styrer høgre kroppshalvdel, også kan bli trent opp til å styre venstre side av kroppen.

YouTube-video om ei jente som fungerer normalt etter at ho fekk fjerna det meste av høgre hjernehalvdel.

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter