Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. EkskresjonssystemetChevronRight
  5. Nyrene og urinvegane ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nyrene og urinvegane

Vi tisser for å kvitte vi oss med væska vi har drukke. Men sjølv om vi ikkje drikk, må vi tisse cirka ein halv liter kvar dag for å kvitte oss med avfallsstoff. Nyrene har den viktige oppgåva med å reinse blodet slik at dei stoffa vi ikkje treng, forlèt kroppen med urinen.

Menn som står å tisser på offentlig toalett. Foto.

Oppgåva til nyrene

Dame har mangel på vann i ørkenen. Foto.
Vi produserer avfallsstoffer kontinuerlig, noko som fører til at vi er nøydd til å skilje ut minst 0,5 liter urin i døgnet sjølv om vi ikkje har tilgang på vatn. Dette og det at vi tapar vatn ved fordamping, gjer at vi klarer oss berre nokre dagar utan vatn før situasjonen blir livstrugande.

Cellene i kroppen vår er avhengige av at og vassinnhaldet rundt seg er stabile. Store endringar av dette miljøet kan føre til at cellene tek opp for mykje vatn og sprekk, eller at dei gir frå seg meir vatn enn dei bør, og skrumpar.

Vi har fleire reguleringsmekanismar som sørgjer for eit stabilt miljø, men det er først og fremst nyrene som regulerer osmolariteten og dermed vassinnhaldet i kroppen. Nyrene gjer det altså mogleg for oss å overleve under varierande forhold når det gjeld tilgang på vatn og ulike salt.

Nyrene har òg i oppgåve å skilje ut kroppsframande stoff (til dømes medikament) og avfallsstoff som blir danna under forbrenninga. Desse stoffa kan vere giftige for kroppen viss dei ikkje blir skilde ut. Avfallsstoff omfattar mellom anna urinstoff (urea/karbamid) som blir danna ved nedbrytinga av protein, og gallesalt som blir danna ved nedbrytinga av hemoglobin.

Cellene er òg avhengige av at pH-en i kroppen er stabil. Nyrene medverkar i denne reguleringa saman med lungene. Når pH-en i blodet er for låg, aukar nyrene mellom anna utskiljinga av H+-ion for å unngå for låg pH.

Oppbygginga av nyrene og urinvegane

Urinen blir danna i nyrene og leidd ut av kroppen gjennom urinvegane. Dei to nyrene våre ligg på kvar si side av ryggsøyla. Ytst består nyrene av ein raudaktig nyrebork som sluttar kring den indre nyremergen. Nyremergen inneheld pyramidar. Kvar pyramide er brei ut mot borken, mens spissen endar nedst i mergen der han leier urinen ned i nyrebekkenet.

Tegnet snitt gjennom menneskets nyre. Illustrasjon.
Ein av dei millionane av nefronar som fisnt i kvar nyre, er forstørra i midten til høgre. Frå kapilarnøstet blir væska pressa over i første delen av røyrsystemet i nyrekanalen.

Pyramidane består av ei samling med urinproduserande einingar som vi kallar nefronar. I kvar nyre er det cirka 1 million av desse nefronane.

Nefronane består av eit kapillarnøste, ein kapsel og ein nyrekanal. Kapillarnøstet består av små blodårer. Desse er omgitte av ein kapsel som blir kalla Bowmans kapsel. Kapselen går over i ein nyrekanal som startar i nyreborken og slyngjer seg vidare djupt ned i nyremergen og opp til nyreborken igjen.

Gjennomskåret nyre. Illustrasjon.
Nyre (snitt gjennom nyre)

Dei ulike områda i kanalen har forskjellige funksjonar. Nyrekanalen er omgitt av blodårer som fraktar filtrert blod vekk frå nyrene. Fleire nyrekanalar munnar ut i samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Frå nyrebekkenet blir urinen leidd gjennom urinleiarane til urinblæra. Urinen blir tømt ut frå urinblæra og forlèt kroppen gjennom urinrøyret ved behov.

Urinveiene

Læringsressursar

Ekskresjonssystemet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter