Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. SirkulasjonssystemetChevronRight
  5. Sirkulasjonssystemet-funksjon og oppbygningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sirkulasjonssystemet-funksjon og oppbygning

Sirkulasjonssystemet består av hjartet og alle blodårene i kroppen. Hovudoppgåva til sirkulasjonssystemet er temperaturregulering og transport av ulike stoff i kroppen.

Sirkulasjonssystemet - hjerte og overkropp. Illustrasjon.

Funksjon

Blodstrøm med insulin. Illustrasjon.
Stoff blir transporterte rundt i kroppen med blodstraumen. Raude blodceller med oksygen, insulin (gult) og næringsstoff (kvitt) er noko av det som blir transportert.

Sirkulasjonssystemet har fleire oppgåver. Dei viktigaste er å transportere

  • oksygen og næringsstoff til cellene
  • karbondioksid og avfallsstoff frå cellene
  • hormon frå produksjonsstaden og ut til målcellene der dei skal verke
  • kvite blodceller og antistoff som beskyttar mot infeksjonar
  • blod frå varme område i kroppen til kalde område, i tillegg til å avkjøle varme område

Oppbygging

Sirkulasjonssystemet er sett saman av hjartet, blodårene og blodet.

Sirkulasjonssystemet. Illustrasjon.

Hjartet pumpar blodet rundt i blodårene. Blodårene dannar eit samanhengande røyrsystem som er sett saman av tre ulike typar årer: arteriar, venar og kapillærårer. Systemet er lukka, slik at blodet aldri forlèt blodårene. Vi har altså eit lukka krinsløp.

Vi menneske har ein konstant kroppstemperatur på cirka 37 °C. Dette krev stor tilførsel av oksygen til cellene, noko som berre er mogleg fordi vi har eit dobbelt krinsløp. I doble krinsløp passerer blodet hjartet to gonger per omløp, og dette gir meir effektiv gasstransport enn enkle krinsløp.

Det doble krinsløpet består av ei lita og ei stor sløyfe. I det vesle krinsløpet, lungekrinsløpet, går blodet frå det høgre hjartekammeret i hjartet til lungene, for så å gå tilbake til venstre framkammer. I det store krinsløpet, kroppskrinsløpet, går blodet frå venstre hjartekammer ut til alle cellene i kroppen og så tilbake til høgre framkammer.

Sirkulasjon hos mennesket.

Læringsressursar

Sirkulasjonssystemet