Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. RespirasjonssystemetChevronRight
  5. Pusting og regulering av pusterørsleneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pusting og regulering av pusterørslene

Vi tenkjer ikkje over at vi pustar, fordi det skjer automatisk. Vi kan halde pusten ei lita stund, men før eller seinare må vi berre trekkje pusten. Respirasjonssenteret i den forlengde mergen sørgjer for at vi alltid skal få skilt ut nok karbondioksid og teke opp nok oksygen.

Et barn svaømmer under vann. Foto.

Innanding

Innandinga er når vi trekkjer luft inn i lungene. Like før du trekkjer pusten, får musklane i mellomgolvet beskjed om å trekkje seg saman. Lungene blir då trekte nedover med mellomgolvet, og lungevolumet aukar. Dette skapar eit undertrykk i lungene i forhold til omgivnadene, og undertrykket gjer at luft strøymer ned i lungene.

Innanding og utanding.

Utanding

Utandinga er når vi sender lufta ut av lungene. I motsetnad til innandinga krev ikkje denne prosessen energi. Når lungene er fylte med nok luft, slappar mellomgolvsmuskulaturen av. Dette gjer at lufta i lungene blir pressa saman. Dermed blir lufttrykket i lungene høgare enn i omgivnadene, og lufta strøymer ut av lungene.

Animasjonane viser at ved innanding utvidar brysthola seg og luft strøymer ned i lungene, mens ved utanding minkar brysthola og luft blir pressa ut av lungene.

Video om pusterørslene.

Regulering av pusterørslene

Ved fysisk aktivitet aukar oksygenbehovet og vi puster raskare og djupare for å auke gassutvekslinga. Det er respirasjonssenteret i hjernen som regulerer kor ofte, kor kraftig og kor djupt vi pustar. Via nervar tek senteret imot informasjon om karbondioksidkonsentrasjonen, oksygenkonsentrasjonen og pH-verdien til blodet.

Illustrasjon over mellomgulvets plassering.
Mellomgolvet (diafragma) er ein kuppelforma muskel som skil brysthola frå bukhola. Mellomgolvet trekkjer seg saman ved innanding og slappar av ved utanding.

Litt etter ei innanding stig konsentrasjonen av karbondioksid i blodet, og dermed minkar pH-verdien òg. I tillegg blir oksygenkonsentrasjonen redusert. Dette gjer at respirasjonssenteret sender ut nervesignal til mellomgolvet som trekkjer seg saman. Luft blir så trekt ned i lungene.

Ved eit bestemt lungevolum blir strekkfølsame sanseceller stimulerte, og via nervar signaliserer dei til respirasjonssenteret at lungene inneheld nok luft. Nervesignala til respirasjonsmusklane blir hemma, mellomgolvmusklane slappar av, og vi pustar ut.

Menneskets respirasjonssystem

Læringsressursar

Respirasjonssystemet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter