Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. RespirasjonssystemetChevronRight
  5. Utveksling og transport av gassarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utveksling og transport av gassar

Når vi trekkjer pusten, strøymer luft med oksygen ned i lungene. Herfrå diffunderer oksygenet over i blodet som fraktar det til cellene der oksygenet blir forbrukt. I celler og vev er det overskot av avfallsstoffet karbondioksid. Dette blir transportert motsett veg og blir pusta ut.

Alveoler under pusting

Lungene

I lungene tek blodet opp oksygen og kvittar seg med karbondioksid. Oksygenkonsentrasjonen er høgare i dei luftfylte alveolane enn i lungekapillærane. Oksygen vil derfor trengje gjennom dei tynne alveolveggene og over i lungekapillærane. Samtidig vil karbondioksid diffundere frå lungekapillærane til alveolane på grunn av at det er lågare konsentrasjon av karbondioksid der.

Cellene

I organa i kroppen blir oksygen gitt til cellene. Cellene forbruker heile tida oksygen i celleandinga, og det er derfor ein lågare oksygenkonsentrasjon der enn i kapillærane. Oksygen diffunderer følgjeleg frå blodet til cellene. Det er berre 25 prosent av oksygeninnhaldet i blodet som normalt diffunderer over til cellene, men ved hardt muskelarbeid eller når vi held pusten, kan heile 75 prosent av oksygenet diffundere over til cellene.

Under celleandinga blir karbondioksid produsert, noko som fører til ein høgare konsentrasjon av karbondioksid i cellene enn i blodet. Karbondioksid diffunderer derfor ut av cellene og over i blodet.

Transport av oksygen

95 prosent av oksygenet som diffunderer frå lungene til blodet, blir transportert med dei raude blodcellene der dei er bundne til hemoglobinet. Resten blir transportert laust i blodvæska.

Transport av karbondioksid

Karbondioksid blir transportert laust i blodet, bunde til hemoglobin (Hb) eller som hydrogenkarbonat (HCO3-).

Sjølv om karbondioksid er litt meir løyseleg i vatn enn kva oksygen er, er det berre 5 prosent av karbondioksidet som blir transportert fysisk løyst i blodet.

Omtrent 30 prosent av karbondioksidgassen frå cellene blir transporterte til lungene bunde til hemoglobin.

Heile 65 prosent av karbondioksidgassen blir transportert som hydrogenkarbonat. Inne i dei raude blodcellene reagerer karbondioksid med vatn, og det blir danna karbonsyre som så blir spalta til hydrogenkarbonat og hydrogenion.

Læringsressursar

Respirasjonssystemet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter