Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Oppgåver til filmen "Vaksinar: Dei magiske dropane"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til filmen "Vaksinar: Dei magiske dropane"

Her finn du arbeidsoppgåver og spørsmål til diskusjon og etterarbeid knytt til filmen "Vaksinar: Dei magiske dropane"

Lege gjør seg klar til å sette en vaksine i armen til en voksen kvinne. Foto.

Spørsmål

  1. Korleis verkar ein vaksine?
  2. Det er mange vaksinar som er under utvikling. Kva sjukdommar er det viktigast at vi lagar vaksine mot, sett i verdsmålestokk?
  3. Kva konsekvensar for samfunnet trur du slike vaksinar kan gi?
  4. Kva er GAVI?
  5. Kva utfordringar kan oppstå frå ein vaksine blir produsert til han når fram til eit barn i Afrika?
  6. Kva tusenårsmål har FN?

Arbeidsoppgåve 1

Finn ut kva vaksinar som inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og kva sjukdommar dei gir vern mot. Kva for andre vaksinar har du hørt om, og kvifor trur du at det ikkje er alle som får dei?

Arbeidsoppgåve 2

Søk på Internett og prøv å finne informasjon om hiv-vaksinar. Prøv også å finne ut kva tid ein trur vaksinen vil vere klar til bruk. Bruk minst tre kjelder, og gi opp kva kjelder du har brukt. Eksempel på kjelder kan vere Wikipedia, forskning.no og iavi.org.

Arbeidsoppgåve 3

I Australia prøvde forskarar å utvikle ein vaksine til kaninar, der planen ikkje var å hindre ein sjukdom, men at kaninens eige immunsystem skulle angripe evna til forplanting. Formålet var å avgrense mengda av kaninar, som i Australia er eit skadedyr. Ein skulle gi vaksinen i form av eit kaninvirus, som så kunne spreie seg blant kaninane. Diskuter fordelar og ulemper ved ein slik bruk av vaksinemekanismen. Kva kunne ha skjedd dersom denne virusvaksinen endra seg, slik at han kunne spreie seg til menneske?

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff