Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Vektorboren smitteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vektorboren smitte

Insekt og andre dyr som ber på smittsame sjukdommar, er i ferd med å få betre levevilkår mange stader i verda.

Gutt som er rammet av dengue
Meir enn 600.000 menneske døyr kvart år av infeksjonssjukdommen malaria – dei fleste av dei er barn under fem år.

Vektorboren smitte

Insekt og andre dyr som ber på smittsame sjukdommar, er i ferd med å få betre levevilkår mange stader i verda.

Den globale gjennomsnittstemperaturen har allereie auka, og vi reknar med at han kjem til å halde fram med å stige dei neste femti til hundre åra, seier Kristin Aunan, forskar hos CICERO – Senter for klimaforskning.

Klimaendringane gjer at insekt som mygg og flått får større utbreiing og lengre sesong. Samtidig aukar sjansen for at framande artar kan overleve, fortel Aunan. Insekt og andre dyr kan føre med seg både fleire og nye mikroorganismar som gjer menneske sjuke. Dette kallar vi vektorboren smitte.

Flått og fluge

Med vektorboren smitte meiner vi altså sjukdomssmitte som blir overført indirekte via ein berar (ein biologisk vektor), som ikkje nødvendigvis er sjuk sjølv.

Ein vektor kan til dømes vere ein mygg som fører med seg malariasmitte, ei fluge som ber med seg ein parasittsjukdom, eller ei flaggermus som spreier rabies, forklarer Preben Ottesen, direktør ved avdelinga for skadedyrkontroll hos Folkehelseinstituttet.

Flått og asiatisk tigermygg
Norsk flått og asiatisk tigermygg. Mange vektorborne sjukdommar smittar via mygg. Her til lands er flåtten den beste kjende vektoren.

Her til lands er flåtten den best kjende vektoren. Flåtten kan til dømes bere med seg sjukdommen borreliose, som skriv seg frå ein bakterie, og skogflåttencefalitt, ein type hjernebetennelse som kjem av eit virus.

I Noreg ser vi allereie at flåtten finst fleire stader i landet enn før, og mot slutten av hundreåret kjem det truleg til å vere flått i mesteparten av landet, unntatt i fjellet, seier Ottesen. Klimaendringane kjem òg til å gi oss nye sjukdomsberarar å hanskast med.

Sår forårsaket av leishmaniaparasitter. Foto.
Leishmaniasis er ein parasittsjukdom som mellom anna gir feber, diaré, anemi og sår i huda. Vektoren er sandfluger.

I Italia og Frankrike finst allereie den asiatiske tigermyggen, som kan smitte menneske med sjukdommar som denguefeber. Der har dei òg sandfluger, som er berarar av parasittsjukdommen leishmaniasis. Og det finst rabiesberande flaggermus så langt nord som i Danmark, opplyser Ottesen.

Fleire av desse smitteberarane er på veg vidare nordover, og den nyinnvandra asiatiske tigermyggen kjem til å bli vanleg i dei vestlege delane av Europa, sjølv med det klimaet vi har no. Noreg er framleis for kaldt for denne myggen, men vi kjem nok til å sjå han her også på eit tidspunkt, seier han.

Behandling og førebygging

Kvinne med barn vasker klær i en dam. Foto.
Både malaria- og denguefebermygg ynglar i små stilleståande dammar. Ved å fjerne dammane er det òg mogleg å redusere myggbestanden.

Ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) er 17 prosent av alle infeksjonssjukdommane i verda vektorborne, og dei er årsak til over ein million dødsfall årleg på verdsbasis. Og med klimaendringane aukar talet på menneske i risikosonene.

Vi har dessverre ikkje så mange effektive medisinar mot mange av desse sjukdommane, men det er mogleg å vaksinere seg mot fleire av dei. Antibiotika fungerer til dømes mot bakteriesjukdommar som borreliose, men mot virus har vi stort sett berre lindrande preparat, fortel Preben Ottesen.

Fleire av dei vektorborne sjukdommane er det likevel mogleg å førebyggje ved å verne seg mot dei aktuelle smitteberarane.

Bruk myggnett og insektsspray, slik at du unngår myggstikk og flugebit, og dekk til kroppen om du for eksempel går tur i flått-terreng, oppmodar Ottesen.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter