Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Omgrep og ordforklaringar – kroppen sitt forsvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Omgrep og ordforklaringar – kroppen sitt forsvar

Dette er ei liste med forklaringar på faguttrykk som blir brukt i kapitlet om kroppen sitt forsvar. Mange av desse forklaringane finn du òg igjen via ord som kan klikkast i fagtekstane.

Person holder fram hånda for å stoppe smittestoffer. Illustrasjon.
  • AIDS (acquired immune deficiency syndrome): ein sjukdom som skuldast HIV-smitte og som gjer at immunsystemet verkar svært dårleg.

  • ANTIGEN er noko eit antistoff festar seg til. Ofte er dette eit proteinmolekyl på utsida av ein bakterie eller ei anna celle.

  • AKTIVERING AV B-CELLE: Ei B-celle må aktiverast av ei T-hjelparcelle for å bli aktiv. Då vil ho formeire seg og danne antistoffproduserande plasmaceller og minneceller. Dette skjer ofte i lymfeknutane.

  • ANTIHISTAMIN finst i allergimedisin og blokkerer effekten av histamin.

  • ANTISTOFF: protein med bindingssete som passar til bestemte antigen som hand i hanske. Antistoff finst på overflata til B-lymfocyttar. Frie antistoff blir produsert av plasmaceller (modne B-lymfocyttar).

  • AUTOIMMUNITET: Ved autoimmune sjukdommar går immunsystemet til åtak på friske celle og vev som høyrer til eigen kropp.

  • BAKTERIAR: mikroorganismar som består av små celler, formeirer seg ofte raskt.

  • B-CELLER (også kalla B-lymfocyttar) kan produsere antistoff. Antistoffa er bundne på utsida av cellemembranen. Når antistoffa blir bundne til eit antigen, kan B-cella aktiverast ved hjelp av ei T-hjelparcelle. T-hjelparcella si "godkjenning" sikrar at det ikkje kan produserast antistoff mot eigne antigen (eigen kropp). Etter aktivering begynner B-cella å dele seg slik at det blir danna plasmaceller og minneceller. B-lymfocyttar blir danna og modna i beinmergen.

  • CHLAMYDIA: kjønnssjukdom som skuldast chlamydiabakteriar.

  • DENDRITTISKE CELLER: antigenpresenterande celler som får mange utløparar (dendrittar) etter at dei er aktiverte. Dei finst både i blod og vev, og er viktige for å aktivere B- og T-lymfocyttar.

  • ERVERVA IMMUNITET: Dette er når kroppen er verna mot ein mikroorganisme på grunn av ein tidlegare infeksjon. Immuniteten kjem av at det er danna minneceller (særskilde typar B- og T-celler) som gjer at immunresponsen blir mykje raskare dersom kroppen blir utsett for det same smittestoffet ein gong til.

  • FAGOCYTOSE – "celleeting". Dette er ein prosess der kvite blodceller sluttar om og bryt ned celler som skal fjernast frå kroppen.

  • GONORÉ: kjønnssjukdom som skuldast gonorebakteriar.

  • GRANULOCYTTAR: ein type kvite blodceller. Den vanlegaste typen er nøytrofile granulocyttar som er kroppen sitt førstelineforsvar mot bakteriar og sopp. Dei nøytrofile granulocyttane går effektivt til åtak på mikroorganismar der antistoff eller komplementfaktorar har festa seg.

  • HISTAMIN: eit stoff som blir skilt ut frå mastceller (ein type kvite blodceller) ved skade eller allergisk reaksjon, og som startar ein betennelsesreaksjon (inflammasjon).

  • HIV (humant immunsviktvirus): sjukdom som bryt ned immunforsvaret ved å skade T-cellene. Smittar gjennom blod eller ved samleie.

  • MINNECELLER: B- og T-celler som blir lagra i lymfeknutar eller anna lymfatisk vev og som kan reagere raskt ved ein ny infeksjon av same type.

  • IMMUNSYSTEMET: eit system i kroppen som består av fleire celletypar, protein og signalstoff som kan hindre infeksjonar og fjerne kroppsceller som ikkje fungerer normalt.

  • INFEKSJON: når sjukdomsframkallande mikroorganismar går til åtak på kroppen.

  • INFLAMMASJON / BETENNELSESREAKSJON: Dette er ein reaksjon som aktiverer immunapparatet i eit område. Ofte hovnar det betente området opp og trekkjer til seg ulike typar kvite blodceller. Ein betennelsesreaksjon kan kome av ein infeksjon eller ein annan irritasjon eller vevsskade.

  • KOMPLEMENTSYSTEMET: særskilte protein som finst i blodet. Ein del av det medfødte uspesifikke infeksjonsforsvaret som kan feste seg til og punktere framande celler og mikroorganismar.

  • KREFT: fellesnemning på sjukdommar der kroppsceller deler seg ukontrollert og dannar svulstar. Kreftceller kan spreie seg i kroppen.

  • LYMFESYSTEMET: eit kanalsystem i kroppen som samlar opp kroppsvæske og drenerer henne ut i blodet. Denne kroppsvæska blir kalla lymfevæske og blir kontrollert av immunsystemet i lymfekjertlane.

  • LYMFOCYTTAR: kvite blodceller med ein stor kuleforma kjerne. Det finst to hovudtypar: B-celler og T-celler, også kalla B-lymfocyttar og T-lymfocyttar.

  • MAKROFAGAR: ein type kvite blodceller. Store fagocyterande celler (eteceller) som òg kan presentere antigen for B- og T-lymfocyttar slik at dei blir aktiverte.

  • MAKROPARASITTAR: fleircella parasittar som bendelorm, barnemakk med meir.

  • MASTCELLER: celler som finst mellom cellene i ulike typar vev, og som gir frå seg histamin når dei blir påverka av eit stoff som immunapparatet reagerer på. Mastcellene er effektive mot ein del parasittar, men er òg ofte årsak til allergiske reaksjonar. I blodet blir mastcellene òg kalla "basofile granulocyttar".

  • MEDFØDT IMMUNFORSVAR: den delen av infeksjonsforsvaret som ikkje er spesifikt, men som likevel hindrar infeksjon. Dette systemet består av aktive stoff i blod og kroppsvæsker slik som komplementsystemet og lysozym, og celletypar som kan gå til åtak utan å bli aktiverte av T-hjelparceller.

  • MIKROPARASITTAR: eincella parasittar som til dømes malaria.

  • MUTASJON (det som skjer når ei celle muterer): endring i arvestoffet som ofte skjer i samband med celledeling. Dei nye cellene kan då få andre genar enn morcella.

  • NK-CELLER (Natural killer cells): lymfocyttar som kan drepe andre celler utan å bli aktiverte av T-hjelpeceller. Desse er ein del av det medfødte infeksjonsforsvaret. Viktig for å fjerne virusinfiserte celler og kreftceller.

  • PLASMACELLER: namn på aktiverte B-celler som produserer antistoff til blod, lymfe og slimhinner.

  • SLIMHINNER: fuktige innvendige overflater i til dømes munnen, luftvegane, fordøyingssystemet og kjønnsorgana. Desse overflatene skil ut slim med eit aktivt immunsystem.

  • STORLEIKSFORHOLD mellom virus, bakteriar og menneskeceller: Forenkla kan ein seie at diameteren til eit virus er om lag 1/10 av diameteren til ein bakterie som igjen er om lag 1/10 av diameteren til ei menneskecelle. Det vil i så fall seie at volumet av ein bakterie er 1000 gongar større enn volumet til eit virus, medan bakterien er 1/1000 av volumet til ei menneskecelle.

  • T-CELLER (også kalla T-lymfocyttar): kvite blodceller som blir danna i beinmergen og modna i Thymus, og som styrer immunresponsen. Det finst fleire typar T-celler, mellom anna T-hjelparceller, T-regulatorceller og T-åtaksceller (også kalla T-dreparceller og cytotoksiske T-celler).

  • THYMUS (brisselen): eit lite organ øvst i brysthola der modninga av T-celler skjer. Her blir alle T-celler som kan reagere mot kroppen sine eigne celler drepne. Thymus er størst og mest aktiv i barndommen.

  • VAKSINE: smittestoff som blir tilført kroppen utan at det fører til sjukdom, men som gir varig immunitet.

  • VERK (puss): ei gul væske som kjem frå betente sår og som består av lymfe, daude og levande kvite blodceller (mest nøytrofile granulocyttar), restar av andre celler og daude mikroorganismar.

  • VIRUS: er samansett av DNA og protein og kan berre formeire seg gjennom å ta kontrollen over proteinsyntesen i levande celler.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter