Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Samandrag – kroppen sitt forsvarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – kroppen sitt forsvar

Infeksjonsforsvaret har to hovuddelar:

  • Immunforsvaret – det spesifikke forsvaret
  • Det medfødde infeksjonsforsvaret – det uspesifikke forsvaret
En person med skjold innimellom bakterier, virus, sopp og pollen.

Immunrespons

Når mikroorganismar går til åtak på kroppen, kallar ein dette for ein infeksjon. Immunforsvaret går til åtak på mikroorganismane med ein immunrespons. Immunresponsen kan føre til aktivering av mange typar kvite blodceller, og desse cellene kan styrast mot infeksjonsstaden med .

Celletypar som høyrer til immunforsvaret

  • B-celler (B-lymfocyttar) har antistoff på overflata. Når dei blir aktiverte, utviklar dei seg til plasmaceller som slepp ut store mengder antistoff i blodet.
  • T-celler (T-lymfocyttar) kontrollerer aktiviteten i immunforsvaret. T-hjelparceller er svært viktige i denne kontrollen og kan aktivere B-celler og andre T-celler. Cytotoksiske T-celler (T-dreparceller) drep celler som er infiserte av virus eller som har ein feilfunksjon, medan T-regulatorar hindrar allergi og autoimmunitet.
  • Makrofagar og granulocyttar "et" mikroorganismar som finst i kroppen og presenterer delar av mikroorganismane på utsida. Det er denne typen antigenpresentasjon som er nødvendig for å aktivere B-celler og T-celler.

Antistoff

Antistoff bind seg til antigen.

Antistoff kan feste seg på overflata til mikroorganismar. Dette får dei til å klumpe seg (agglutinere) og hjelper cellene i immunapparatet til å gå til åtak.

Antistoff kan òg brukast i kjemiske testar for å påvise sjukdommar.

T-celler avslører infiserte celler

Antistoffa kan ikkje få tak i virus eller bakteriar som har kome seg innanfor ein cellemembran (inni ei celle). T-cellene kan likevel oppdage og drepe infiserte kroppsceller, fordi desse presenterer bitar av inntrengjaren på overflata si ved hjelp av MHC.

Immunitet

Når immunapparatet har gått til åtak på ein mikroorganisme, blir det danna minneceller av T-celler og B-celler. Desse gjer at vi blir immune mot sjukdommen.

Vi kan òg bli immune gjennom vaksinering, det vil seie at kroppen får tilført daude eller svekte mikroorganismar som ikkje kan gjere oss sjuke, men som likevel gjer oss immune.

Allergi

Dersom immunsystemet går til åtak på ufarlege stoff, blir det kalla allergi. Typiske allergiar er mot pollen, nøtter eller nikkel. Ein allergisk reaksjon gir omtrent dei same symptoma som ein infeksjon, slik som rennande nase, utslett, kløe, brekkingar eller diare.

Video om allergiar

Det medfødde infeksjonsforsvaret

Det medfødde infeksjonsforsvaret består av kjemiske, biologiske og fysiske barrierar og komplementsystemet. Lysozym og magesyre er døme på kjemisk barrierar.

Fagocytterande celler (eteceller), slik som makrofagar, nøytrofile granulocyttar og dendrittiske celler, er biologiske barrierar. Ein annan type biologisk barriere er den naturlege bakteriefloraen. Hud og slimhinner er fysiske barrierar.

er òg ein del av det medfødde infeksjonsforsvaret og verkar ved at det festar seg på overflata til mikroorganismar og punkterer cellene.

Unngår immunsystemet

Det finst mikroorganismar som har spesialisert seg på å unngå immunforsvaret. Døme er Leprabasillen som lever inne i cellene og forårsakar spedalsksykje, og HIV-viruset som går til åtak på T-hjelparcellene slik at immunforsvaret sluttar å verke.

Sjukdommar som ikkje skuldast infeksjonar

Kokete fingre og hud med utslett som flasser. To foto.
Autoimmune sjukdommar. Til venstre: Røntgenbilde av hender med leddgikt – autoimmun sjukdom som gir betennelsesreaksjonar i ledda. Til høgre: Hud med psoriasis. Utslettet skuldast åtak på celler i huda.

Det er mange sjukdommar som har andre årsaker enn infeksjonar.

Det gjeld til dømes dei autoimmune sjukdommane diabetes, psoriasis og revmatisme.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter