Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Medfødd infeksjonsforsvar – biologiske og kjemiske barrierarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medfødd infeksjonsforsvar – biologiske og kjemiske barrierar

Det medfødde indre forsvaret er effektivt og omfattar både biologiske og kjemiske barrierar. Vår naturlege bakterieflora, og celler som kan "ete" mikroorganismar, dannar biologiske barrierar, mens magesyre med enzym og protein som «punkterer» inntrengarar, er ein del av dei kjemiske barrierane.

Biologiske barrierar

Kroppen inneheld mange bakteriar som er heilt nødvendige for at vi skal halde oss friske. Det er vanleg at vi har om lag 1–3 kilo bakteriar i og utanpå kroppen. Dersom vi reknar med bakteriefloraen i tarmen, er det om lag ti gonger så mange bakteriar som menneskeceller i kroppen vår. Men fordi bakteriane er så små, utgjer dei berre ein liten del av massen vår.

Bakteriane på huda og i tarmen er nyttige for oss på mange måtar, og dei dannar ein biologisk barriere mot infeksjonar. Mjølkesyrebakteriane er eit døme på bakteriar som har viktige funksjonar i kroppen vår, og blir brukte som probiotika.

Sjå animasjon som viser korleis probiotika verkar på Norsk helseinformatikk

Dei kan til dømes senke pH på slimhinner ved å produsere mjølkesyre, og skapar slik eit miljø der bakteriane ikkje trivst.

Cellulært forsvar som er ein del av det medfødde infeksjonsforsvaret

Immunrespons ved skade i huden. Illustrasjon.
Makrofagar blir tiltrekte av stoff som blir sende ut av skadde celler (kjemotaksi). Komplementsystemet deltek òg i kampen mot inntrengjarar, samtidig som dei tilkallar celler i immunapparatet ved hjelp av kjemotaksi.

Makrofagar, dendrittiske celler og nøytrofile granulocyttar er alle døme på såkalla "eteceller" (fagocyttar). Desse cellene "et" celler, bakteriar og virus som skal fjernast frå kroppen. Vi kan rekne dei som ein del av det medfødde infeksjonsforsvaret, sjølv om dei òg samarbeider med immunforsvaret, til dømes ved å presentere antigen for T-celler.

Mastcellene kan starte immunrespons mot mellom anna parasittar. Ved akutt allergi (ein reaksjon som kjem med éin gong ein får kontakt med eit allergen) er mastcellene med på å gi kløe og inflammasjon. Mastcellene er òg knytte til immunsystemet, ettersom dei kan bli aktiverte av antistoff.

NK-celler (Natural killer cells) drep celler som manglar MHC-1, og dermed blir oppfatta som framande celler eller som celler med feilfunksjon.

Les om MHC

Når cellene i kroppen får ein virusinfeksjon eller begynner å dele seg ukontrollert (som ved kreft), vil dei ofte få lite MHC-1 på overflata. Ein antek derfor at NK-cellene er viktige for å unngå desse sjukdommane.

Kjemiske barrierar

Tåre renner ned fra øye. Foto.

Magesyra og tårevæska er døme på kjemiske barrierar som mikroorganismar må forsere for å kome seg inn i kroppen. Mange mikroorganismar blir drepne av den sterke magesyra (pH 1–2).

Tårevæska og slimet på slimhinner inneheld enzymet lysozym, som angrip bakteriar. Lysozym øydelegg celleveggen til bakteriane og er effektiv mot nokre, men ikkje alle typar bakteriar.

Komplementsystemet

Når det sit antistoff på overflata til inntrengjaren, kan komplementproteina feste seg mykje lettare. I tillegg til å gå til åtak på framande celler kan komplementsystemet trekkje til seg cellene i immunapparatet ved hjelp av , og aktivere dei slik at dei går til åtak.

I motsetnad til immunsystemet kan ikkje komplementsystemet tilpasse seg ulike mikroorganismar, men er ein del av det medfødde og mindre spesifikke infeksjonsforsvaret.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter