Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Medfødd infeksjonsforsvar – fysiske barrierarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Medfødd infeksjonsforsvar – fysiske barrierar

Med alle farane som trugar på utsida av kroppen sine overflater, kan ein bli imponert av at vi greier å halde oss friske. Årsakene til det er slett ikkje berre immunitet, men òg eit omfattande medfødd infeksjonsforsvar. Dette blir òg kalla "det uspesifikke forsvaret" og består av fysiske, kjemiske og biologiske barrierar.

Naken baby som  leker med tærne sine. Foto.

Huda er ein fysisk barriere mot mikroorganismar

Huda er ein fysisk barriere som hindrar mikroorganismar i å kome inn i kroppen. Det blir heile tida laga nye hudceller på innsida av huda, samtidig som gamle, døde hudceller skallar av ytst. Slik blir det ytste hudlaget eit vern for den levande, friske huda under.

Huda har talgkjertlar som gjer at den held seg mjuk og smidig. Eit fint lag av hår isolerer mot varmetap og gjer oss betre i stand til å kjenne lette berøringar. Det viktigaste er likevel at huda er laga av solide celler som er tett bundne saman, slik at mikroorganismar ikkje kan trenge inn.

Huda har òg god blodtilførsle, og det gjer at immunapparatet kjem lett til når vi får ei rift. Huda på hender og føter er mykje tjukkare enn huda elles på kroppen, og toler difor mykje større påkjenningar.

Et lukket øye med kraftige øyenbryn og øyenvipper.
Augebryn og augevippar

Andre døme på fysiske barrierar er ulike typar hår som augevippar og hår i nase og i øyre.

Den hyppige "spylinga" av urinvegane med urin, fungerer òg som ein fysisk barriere og kan reknast som ein del av det medfødde uspesifikke forsvaret.

Slimhinnene beskyttar

Mikroskopbilde som viser små flimmerhår som står tett som i en børste.
Flimmerhår i bronkiane hos menneske

Huda dekkjer dei ytre overflatene, mens slimhinner dekkjer kroppsopningar og indre holrom som er i kontakt med omverda, og dermed utsette for smitte. Dette gjeld lunger, munn, nase, auge, øyre, fordøyingssystem og kjønnsorgan.

Slimhinnene vernar dei indre overflatene mot skadar og smitte. Som namnet seier, blir det skilt ut slim på slimhinnene slik at dei held seg fuktige og slik at overflata heile tida blir fornya. I tillegg har slimhinnene flimmerhår som fraktar vekk partiklar og mikroorganismar som festar seg i slimet.

På slimhinnene finst det spesielle typar antistoff og T-celler som kan stoppe mikroorganismane før dei verkeleg får teke seg inn i kroppen.

Når ei slimhinne blir irritert eller infisert, aukar slimproduksjonen, og immunapparatet blir meir aktivt. Det er dette som gjer at snørr og tårer renn mykje lettare når ein er forkjølt. Når slimhinnene blir aktiverte, kan dei òg hovne opp, slik at vi får tett nase eller blir tungpusta.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter