Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Vaksinar og serumbehandlingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vaksinar og serumbehandling

Nokre sjukdommar er så farlege at vi bruker vaksinar til å aktivere immunforsvaret for å bli betre beskytta. I Noreg er dei fleste barn vaksinerte mot sjukdommar som stivkrampe og meslingar. Ettersom virus endrar seg så hyppig, må ein utvikle nye influensavaksinar for kvar sesong.

Sykepleier setter sprøyte i armen på ung dame.

Vaksinar – aktiv immunitet

Ein vaksine er laga av mikroorganismar som er drepne eller svekte slik at dei ikkje kan gjere oss sjuke. Immunapparatet vil likevel reagere som om vi var smitta, slik at det blir danna antistoff og B- og T-minneceller. Dermed vil kroppen reagere raskt og effektivt med antistoffproduksjon mot antigenet dersom vi blir smitta av den ekte sjukdommen seinare.

Vaksinar gjer oss immune utan at vi må bli sjuke først.

Video (animasjon) om vaksinar frå Norsk Helseinformatikk

Vaksinasjonsprogram

I Noreg og i mange andre land har eit vaksinasjonsprogram for born sytt for at mange alvorlege sjukdommar på det næraste er utrydda, og barnedødelegheita har vist ein markert nedgang.

Fagstoffside: Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.

Biverknadar

Vaksinering er ikkje heilt utan risiko. Nokon får uønskte biverknadar som allergiske reaksjonar, men alvorlege biverknadar er sjeldne. Risikoen vi tek ved å la oss vaksinere, er ekstremt mykje lågare enn risikoen ved å få sjølve sjukdommen. Befolkninga sett under eitt tener på at dei fleste vaksinerer seg, men nokre få får biverknader.

Vaksinen mot svineinfluensa
Tidose, enkeltdose og strøyte med vaksine.
Vaksine mot svineinfluensa – Pandemrix.

Då helsemyndigheitene venta ein alvorleg epidemi av svineinfluensa, blei det tilrådd massevaksinering. Vaksinen Pandemrix var ny, men testing tydde på at han skulle vere trygg.

I 2009 og 2010 blei 2,2 mill. nordmenn vaksinerte mot svineinfluensa. Det blei rapportert inn 583 (0,026 %) alvorlege biverknader[1] av dette 45 barn som så langt har fått erstatning for narkolepsi[2] (sovesjuke).

Mykje tyder på at det er sjølve H1H1-viruset saman med ein kraftig immunreaksjon som har forårsaka ein autoimmun reaksjon hjå individ som er genetisk disponerte for å få narkolepsi.[3] Det har òg oppstått nye tilfelle av narkolepsi hjå dei som ikkje er vaksinerte, men desse tilfella av biverknader har naturleg nok ført til større skepsis til vaksinar.

Bør vi vaksinere?

USA-kart med navn på statene.

Det er ingen tvil om at vaksinering reddar mange liv kvart år. Vaksinering er lønnsamt for befolkninga sett under eitt. Når dei aller fleste er vaksinerte mot ein sjukdom, vernar det òg dei som ikkje er vaksinerte fordi sjukdommen blir så sjeldan (flokkvern).

I USA rekna forskarar ut at influensavaksinen hindra over 13 millionar sjukdomstilfelle frå 2005-2011. I tillegg hindra vaksinen nesten 6 millionar legebesøk og rundt 113 000 innleggingar på sjukehus i samband med influensa.[4]

Massevaksinering

Då det blei bestemt at ein skulle gjennomføre massevaksinering mot svineinfluensa, stod myndigheitene overfor eit scenario der ein var redd for at mange ville døy av svineinfluensaen. Tidlegare influensapandemiar, som Spanskesykja, har vore svært dødelege, og vaksinering er det einaste ein kan gjere for å beskytte seg. Det var hovudsakleg yngre folk som døydde av svineinfluensa. Ein reknar med at mange eldre hadde ein viss immunitet etter at dei hadde vore utsett for liknande smitte tidleg på 1900-talet.

Ung jente sover på en sofa.
Emilie er eitt av om lag 800 barn i Europa som har utvikla narkolepsi etter vaksinering med Pandemrix.

I dag veit vi at massevaksinasjonen hadde sin pris. Ein kan spekulere på om dei menneskeliva som blei redda og dei som blei spart for alvorlege komplikasjonar etter svineinfluensa, veg opp for dei som blei sjuke av vaksinen, men det er eit umogeleg reknestykke. Vi veit heller ikkje kor mange som ville ha fått narkolepsi av å bli smitta av svineinfluensa.

Det vi veit, er at denne vaksinen ikkje hadde blitt valt dersom ein hadde kjent til desse biverknadane på førehand.[5]

Serumbehandling – passiv immunitet

Orm med sikksakmønster som ligger i en kveil. Foto.
Hoggorm. Serumbehandling blir nytta mot stivkrampe, difteri, botulisme, visse tropiske virussjukdommar, og slange- og edderkoppbit.

Ved serumbehandling er det antistoff som er danna i eit immunt individ som blir nytta til å motverke sjukdom hos ein smitta person, eller for å gi kortvarig immunitet.

Serum (antiserum) gir ein passiv immunitet som berre varer i eit par månader. Kroppens eige immunforsvar blir ikkje aktivert og det blir derfor ikkje danna minneceller.

Serum har ein høg konsentrasjon av antistoff som er reinsa opp frå blodplasma hjå menneske. Det blir injisert for å verne mot skadelege verknader frå bakteriar eller toksin (giftstoff).

Immunglobulinbehandling (serum med fleire typar antistoff) blir òg brukt for å styrkje immunforsvaret til personar med immundefektar.

  1. 1«Bivirkninger av Pandemrix». Statens legemiddelverk. 2013.
  2. 2«Én av fire nordmenn er disponert for narkolepsi». Susanne Lysvold Sigurd Steinum Andreas Budalen. NRK Nordland. 2014.
  3. 3«Ting jeg har endret mening om – del 2». Gunnar Tjomslid. 2014.
  4. 4«Influensavaksinens positive bivirkninger». Gunnar Tjomlid. 2013.
  5. 5«Svineinfluensa – noen tanker om massevaksinasjonen». Gunnar Tjomlid. 2012.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter