1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Når det kjem smitte inn i kroppenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når det kjem smitte inn i kroppen

Når vi blir sjuke, reagerer mange delar av immunforsvaret. Dersom vi blir smitta, kan både B- og T-celler bli aktiverte. Signalstoff som blir sendt ut gjer at snørret renn og musklane blir ømme. I neste omgang kan vi få feber, hovne lymfekjertlar, og vi kan begynne å hoste eller nyse.

Syk jente ligger i seng og har medisiner på nattbordet. Foto.

Symptom og årsak

Symptoma som blir nemnde ovanfor, er noko dei fleste av oss har opplevd, men årsakene ligg på cellenivvå. Til dømes kan interferon (cytokinar) som blir skilde ut av våre eigne celler, gi oss feber. Feberen hemjar bakteriar samtidig som han kan auke aktiviteten til B- og T-lymfocyttane. På den måten kan feber medverke til å gjere oss friske.

Komplekse prosessar

For at ein immunreaksjon skal kome i gang, må fleire celletypar kjenne igjen antigenet, og koplingspunktet må passe nøyaktig slik at dei kan binde seg til antigenet.

Det er viktig at immunsystemet har høg presisjon, og difor må fleire celletypar kjenne igjen det same antigenet før immunreaksjonen kjem i gang. T-hjelparcellene har ei nøkkelrolle for å stimulere immunreaksjonen. Granulocyttar og makrofagar bidreg med å presentere antigen og fjerne daude og infiserte celler i kroppen.

Video med detaljert forklaring om aktiviteten til B- og T-celler. Khan Academy, Engelsk

Interaktive oppgåver om infeksjonar

I interaktivitetane nedanfor får du presentert fleire av dei prosessane som skjer i ein kompleks immunrespons. Ved å plassere omgrepa på alle trinn, kan ein lære mykje om immunologi.

Nokre sjukdommar unngår immunsystemet

Tegning av virusreplikering i en celle.
Herpesvirus og andre virus bruker cella sine organellar til å formeire seg. Cella presenterer antigen frå viruset på oveflata si.

Sjølv om immunsystemet kan motverke dei aller fleste infeksjonar, finst det døme på mikroorganismar som immunsystemet ikkje klarer å knekkje.

Døme kan vere lepra (som gir spedalskhet), malaria og tuberkulose. Leprabasillen går til åtak på immunforsvaret (han lever mellom anna inne i makrofagar). Sjølv om det skjer ein immunrespons, vil ikkje alle leprabasillane bli drepne, og sjukdommen går difor ikkje over. Den langvarige immunresponsen fører til ein stor del av dei skadane som kjenneteiknar spedalsksykje.

Mange virus muterer raskt og endrar seg ofte så mykje at immunforsvaret ikkje kjenner dei igjen. Slik kan dei føre til stadig nye infeksjonar.

Video (animasjon) om influensa frå Norsk Helseinformatikk. Norsk tekst og tale.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter