Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Immunforsvaret til slimhinneneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Immunforsvaret til slimhinnene

Det beste forsvaret er å hindre at smittestoff kjem inn i kroppen. I tillegg til at kroppen er beskyttea av hud, har han eit effektivt "grensevaktsystem" i slimhinnene der det er kroppsopningar. Slimhinnene kan stoppe mikroorganismane før dei kjem inn i sjølve kroppen.

Person som holder opp hand for å stoppe grønne virus. Illustrasjon.

Erverva (tillært) immunitet på slimhinnene

Et barn dier. Foto.
Antistoff (IgA) i morsmjølka beskyttar barnet mot dei same mikroorganismane som mora er beskytta mot.

Slimet på slimhinnene fangar opp partiklar og mikroorganismar som dermed kan bli undersøkte av immunapparatet. Bakteriar og virus blir fort dekte av antistoff og angripne av T-celler.

Det er faktisk fleire T-celler i lungene og fordøyingssystemet enn i heile resten av kroppen. Spytt, snørr, tårer og slim frå lungene endar for det meste opp i mage og tarm der dei blir brotne ned slik at immunsystemet i tarmen får kontakt med mikroorganismane som finst i desse væskene. På den måten blir det produsert celler og antistoff skreddarsydde for slimhinnene som skal beskyttast.

To like antistoff bundet sammen
Antistoffet immunglobulin A (IgA) finst på slimhinner og i morsmjølk.

Kroppen produserer eigne typar antistoff (IgA) som beskyttar slimhinnene og tarmen. Desse er laga slik at dei ikkje blir øydelagde i fordøyingssystemet.

Den same typen antistoff blir òg produsert i morsmjølka, slik at barn blir beskytta mot dei same mikroorganismane som mora er beskytta mot.

Når mikroorganismar blir nedkjempa på slimhinnene, skjer det utanfor cellevevet. Dermed slepp vi ulempene som følgjer av immunresponsen, slik som feber og inflammasjon.

Granulocyttar, makrofagar og dendrittiske celler

Det er mange fleire celletypar enn B- og T-celler i immunforsvaret. Oftast er det ein type antigenpresenterande celle som oppdagar inntrengjarar og aktiverer B- og T-celler til å angripe bakteriar eller sjuke celler.

Dendrittiske celler

Ei viktig gruppe antigenpresenterande celler er dendrittiske celler. Dei kan både B- og T-lymfocyttar og få dei til å angripe ved å presentere antigen for dei (sjå figur).
Dei dendrittiske cellene finst både i blod og i vevet, for eksempel i lymfeknutane.

Makrofagar – "store eteceller"

Makrofagar kan fordøye både mikroorganismar, daude kroppsceller og kreftceller, og er i tillegg antigenpresenterande. Makrofagane finst oftast i cellevev og kan til ein viss grad bevege seg mot ein infeksjonsstad.

Nøytrofile granulocyttar

Dei nøytrofile granulocyttane fagocyterer (et) mikroorganismar og er eit viktig førstelinjeforsvar mot bakteriar og sopp.

Det blir produsert cirka 1 million nøytrofile granulocyttar per sekund i kroppen. Dei blir frakta med blodet til dei stadene der det oppstår infeksjonar. Der angrip dei bakteriar og sopp som er merkte med antistoff eller .

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter