Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. MHC (major histocompatibility complex)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

MHC (major histocompatibility complex)

Kroppen sine eigne celler har spesielle merkeprotein på overflata som blir kalla MHC.

MHC viser fram framand protein

MHC klasse I finst i dei fleste kroppscellene og gjer det mogleg for T-cellene å avgjere om ei celle høyrer til i kroppen eller ikkje. Immunsystemet kan dermed "vite" kva for celler som skal beskyttast, og kva for nokre som skal angripast. Ei celle som er infisert av eit virus eller ein annan mikroorganisme, vil presentere delar av mikroorganismen saman med MHC klasse I på utsida av cella.

Først når ei celle presenterer framand protein (antigen) i MHC på overflata, vil T-lymfocytter (T-celler) oppdage at ei av kroppen sine eigne celler er infisert.

MHC er ei artsuavhengig nemning som kan brukast om alle artar som har slike gen. Hos mennesket blir MHC kalla HLA (humane leukocytt-antigen). MHC er det viktigaste komplekset for vevslikskap som er unikt for kvart individ og er viktig ved blodoverføringar og transplantasjonar.

  • MHC klasse I (MHC-1): finst i alle celler i kroppen som har kjerne, bortsett frå somme lymfocyttar og fagocyttar
  • MHC klasse II (MHC-2): finst i B-lymfocyttar, dendrittiske celler og makrofagar
    les meir
    • Dendrittiske celler og makrofagar kan ta opp framande antigen uspesifikt og presentere dei saman med MHC klasse II-molekyl.
    • Dette aktiverer særleg T-hjelparceller til å skilje ut stoff som påverkar B-lymfocyttar og andre T-lymfocyttar som dannar T-dreparceller og T-minneceller.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter