Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. T-lymfocyttar (T-celler)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

T-lymfocyttar (T-celler)

T-cellene styrer immunresponsen i kroppen og kan beskytte mot feil og infeksjonar i cellene. Dei utgjer "kommandosentralen" som styrer heile immunsystemet og avgjer om ein immunrespons skal bli kraftig, moderat eller om immunsystemet skal dempast ned. T-cellene kan òg drepe andre celler om nødvendig.

Tegning av Celleaktivert immunrespons hvor mange celletyper er involvert.
T-celler er avhengige av B-celleaktivering. Makrofagar sluker patogen (gullovalar) og presenterer fragment frå dei (antigen) på overflata si. Antigenet blir kjent igjen av T-hjelparceller (lilla), som skil ut kjemikalium for å aktivere andre celler som B-celler (blå og piggete). B-celler deler seg og blir differensierte. Plasmacellene (store blå) produserer store mengder av antistoff (raude), som kjenner igjen antigenet.

T-celler kan avsløre om ei celle er virusinfisert

Virusinfeksjonar må angripast på ein annan måte enn bakterieinfeksjonar. Virus trengjer inn i cellene i kroppen vår og kan på den måten gøyme seg for immunsystemet mens dei bruker cella til å produsere nye virus.

For å hindre at viruset formeirar seg, er det viktig at den infiserte cella varslar omgivnadene om angrepet. Det gjer ho ved å vise fram delar av viruset på overflata, ved hjelp av eit protein som blir kalla MHC. Dermed kan T-dreparceller oppdage virusinfeksjonen og drepe cella.

På same vis kan T-celler avsløre om ei celle har ein feilfunksjon, til dømes ved at ho deler seg ukontrollert (kreft).

Namnet T-celler kjem av at dei blir "modna" i thymus (også kalla brisselen), eit lite organ som sit øvst i brystkassen.

Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
  • T-celler kan ikkje kjenne igjen eit antigen direkte eller binde seg til frie antigen.
  • Ei infisert celle vil binde fragment av inntrengjaren til protein kalla MHC og presentere antigen for T-cellene på overflata si.
  • T-celler identifiserer berre antigen bundne til MHC.

T-celler regulerer immunapparatet

Somme typar T-celler har som oppgåve å regulere immunapparatet. T-hjelparceller hjelper til å auke immunresponsen ved ein infeksjon, mens T-regulatorar dempar uheldige immunresponsar slik at vi kan unngå allergi og autoimmunitet (angrep på eigen kropp).

B-cellene kan ikkje begynne å produsere antistoff mot eit antigen utan at dei får "klarsignal" frå ei T-hjelpecelle. Det skjer ved at B-cella presenterer antigenet for T-cella ved hjelp av MHC.

No kan T-hjelpeceller oppdage viruset og aktiverer B-cella ved hjelp av signalstoff (). Cytokinar er signalstoff som stimulerer delinga av B-lymfocyttar og modning av plasmaceller og minneceller.

Signalstoff – cytokinar

Immunofluorescent LM of active macrophages
Makrofagar har blitt aktiverte av ein bakteriell infeksjon og produserer cytokinar for å varsle andre celler. Den sentrale cella har fleire kjernar (blå). Makrofagar medverkar til å drepe framande mikroorganismar.

Når vi har ein infeksjon ein stad i kroppen, blir mange delar av immunforsvaret aktivert. For å få til dette produserer cellene ein eigen type signalprotein som blir kalla cytokinar. Når ei T-hjelpecelle aktiverer ei B-celle, skjer det ved hjelp av cytokinar. Ei gruppe av cytokinane som blir kalla interferon, kan til dømes stoppe proteinsyntesen i ei celle slik at virus ikkje kan formeire seg.

Cytokinane er signalstoff som ikkje kan fraktast langt med blodstraumen eller andre kroppsvæsker. Dette gjer at effekten blir lokal. Ei anna gruppe signalstoff er kjemotaktiske protein. Desse blir skilte ut frå betennelsesstaden og trekkjer til seg cellene i immunapparatet.

HIV – AIDS

HIV er ein sjukdom som svekkjer immunsystemet i kroppen. Ved HIV-smitte blir T-hjelpecellene øydelagde, noko som kan føre til at immunapparatet i stor grad sluttar å verke viss ein ikkje får behandling. AIDS er namnet på sjukdommen som oppstår når immunsystemet sluttar å verke på grunn av ein HIV-infeksjon.

Et HIV-virus dukker opp og frigjøres fra en T-celle. Mikroskopbilde.
HIV-virus blir frigjorte frå ein T-lymfocytt.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter