1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. B-lymfocyttar (B-celler)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

B-lymfocyttar (B-celler)

Der er mange typar celler som inngår i immunsystemet. B-cellene har som hovudoppgåve å lage antistoff. Antistoffa kan feste seg på virus, bakteriar og sjuke celler. Når eit antistoff er festa til ein bakterie, er bakterien "merkt" slik at resten av immunsystemet lett kan oppdage og fjerne han.

Tre antistoff bundet til kreftcelle. Illustrasjon.

B-celle – plasmacelle – antistoff

Celle med tydelige membraner sett i mikroskop. Foto.
Plasmacelle (moden B-lymfocytt) med stor sentral kjerne og ei stor mengd med endoplasmatisk nettverk som omgir kjernen. Plasmaceller finst i blod og lymfe. Dei produserer og skil ut antistoff ved ein immunrespons.

Kvar enkelt B-celle kan berre lage om kan binde seg til ein type (bestemt struktur), og i utgangspunktet finst det få B-celler av kvar type.

Umodne B-celler har antistoffa festa på utsida av cellemembranen. Viss ei slik B-celle reagerer og bind seg til ein sjukdomsframkallande mikroorganisme, for eksempel ein bakterie, blir B-cella aktivert. Då vil ho dele seg og danne mange nye B-celler, som no er modne og blir kalla plasmaceller.

Plasmacellene produserer store mengder av den aktuelle typen antistoff. Antistoffet blir spreidd med blodet til heile kroppen og kan binde seg til akkurat den bakterietypen som aktiverte B-cella.

Når antistoffet bind seg til overflata av bakteriane, blir resten av immunapparatet aktivert og kan fjerne bakterien. Etter nokre dagar det som regel produsert nok B-celler og antistoff til å stoppe ein infeksjon.

Minneceller

Ved ein immunrespons blir det òg laga ein eigen type B-celler, såkalla B-minneceller, som sørgjer for at vi blir immune. Minnecellene kjem raskt i gang med produksjonen av antistoff neste gong ein blir smitta av same type mikroorganisme.

Antistoffer og antigener

B-cellene kan lage med litt ulike roller, men alle har same bindingssete. Antistoff blir òg kalla immunglobulin (forkorta Ig).

Alle antistoffa har to eller fleire like bindingsstader som lett kan binde seg til det riktige antigenet. Dette gjer at dei kan klumpe saman (agglutinere) mikroorganismane som skal fjernast. Antistoffa finst i blod og vevsvæske og på slimhinnene, men kan ikkje passere cellemembranar og verkar derfor ikkje inne i cellene.

Eit antistoff bunden til eit punkt på ein bakterie. Illustrasjon.
Antistoff bunde til ein bakterie.

Antistoffa kan feste seg til eit bestemt antigen fordi dei passar saman tredimensjonalt, omtrent på same måten som undersida av ein Lego-kloss passar til oversida av ein annan.

Eit antistoffmolekyl er Y-forma, med to like, antigenbindande "armar". Bakenden på molekylet vil stikke ut frå overflata og tiltrekkje seg oppmerksomheit og aktivere cellene i immunapparatet.

Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

Antistoff kan brukast til diagnostisering fordi dei kan påvise molekyl eller mikroorganismar, for eksempel HIV-virus. Ein slik test kallar vi ELISA (Enzyme Linked ImmunoSorbent Assay).

Prøvebrønner fylles med pipette. Foto.
Diagnostisering ved hjelp av antistoff: prøvebrønnar blir fylte med ei pipette

Antistoffer på laboratoriet – ELISA

ELISA test for AIDS
HIV-test. Brunnar i ei ELISA-testplate viser om prøven inneheld antistoff mot HIV (humant immunsviktvirus), altså positivt resultat (gule brunnar), eller at han ikkje gjer det, altså negativt resultat (klare). Fargeomslaget til gult viser at antistoff har bunde seg til eit HIV-virus.

For å teste HIV med ELISA treng ein antistoff mot HIV-virus som er såkalla spesifikke (det vil seie at dei ikkje kan feste seg til noko anna). Desse antistoffa blir kopla til spesielle enzym for å gi ein synleg fargereaksjon.

Litt blod frå personane som skal testast, blir sett av på ei plastplate med små fordjupingar. Då vil dei ulike proteina og virusa som er i blodet, feste seg til plasten. Deretter set ein til litt antistoffløysning som ein så skyl forsiktig bort med vatn.

No vil berre dei antistoffa som er bundne til HIV, sitje att, mens alle lause antistoff er vaska vekk. Sidan antistoffa har enzym festa til seg, kan vi sjå testresultatet. Enzyma vil gi ein fargereaksjon som dermed påviser om det er HIV-smitte i blodprøvane.

Plansje som viser hvordan antigen (virus), antistoff og enzym er bundet sammen på testplaten.
ELISA-test (Enzyme Linked ImmunoSorbent Assay). Skjemaet viser korleis antigen (her: virus), antistoff og enzym er bundne saman på testplata. 1) Virus bundne til overflata. 2) Antistoff med enzym bundne til virus (antigen). 3) Substrat og enzym reagerer og gir fargeendring.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter