Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. Forsøk: Epitelceller – overflateceller i munnholaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Epitelceller – overflateceller i munnhola

Lag eit mikroskoppreparat av celler frå innsida av kinnet ditt, og bli kjend med korleis dyreceller kan sjå ut.

Fargeløse runde celler med tydelig kjerne og kornete cytoplasma.
Ufarga epitelceller frå innsida av kinnet.

Hensikt

I dette forsøket skal du lage og studere eit preparat av dyreceller. Vi bruker overflateceller (epitelceller) frå vår eigen munn.

Ved hjelp av mikroskop skal du prøve å identifisere ulike organellar i dyreceller, anslå storleiken på cellene og dokumentere det du observerer, med skisser eller bilete. Desse cellene er i utgangspunktet fargelause, men vi tilset fargestoff for å få betre kontrast.

Utstyr

Mikroskopbilde.
Mikroskopbilete av farga epitelceller frå innsida av kinnet.
  • bommullspinnar/tannpirkarar
  • objektglas
  • dekkglas
  • filterpapir
  • linsepapir
  • løysning av metylenblått
  • dropeteljar
  • mikroskop

Framgangsmåte

  1. Skrap forsiktig med ein bomullspinne på innsida av kinnet.
  2. Rull/stryk bomullspinnen på eit objektglas slik at cellene frå munnhola legg seg på glasflata.
  3. Drøyp ein drope metylenblått på objektglaset og senk dekkglaset over preparatet.

    Alternativ metode:
    Skrap forsiktig med bakenden av ein tannpirkar på innsida av kinnet. Rør med tannpirkaren i ein drope metylenblått på eit objektglas. Legg på dekkglas.

  4. Sug vekk overflødig væske med filterpapir.
  5. Studer preparatet i mikroskopet ved fleire forstørringar. Kva fasong har dyrecellene? Bruk blendar og kondensor slik at du får sjå flest mogleg detaljar.


Dokumentasjon

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Ta bilete av cellene gjennom okularet med mobiltelefon eller fotoapparat.
  2. Arbeid med bileta i eit biletbehandlingsprogram og set namn på delane, eller lag ei skisse som du skriv på.
  3. Beskriv fasongen til epitelcellene og berekn storleiken på dei. Du kan finne diameteren på synsfeltet ved hjelp av millimeterpapir.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Immunitet

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver til filmen "Vaksinar: Dei magiske dropane"

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff