Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. Kroppen forsvarer seg mot sjukdommarChevronRight
  5. ImmunsystemetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Immunsystemet

Immunsystemet (erverva immunitet) kan både gjere oss friske frå infeksjonar og hindre at vi får den same sjukdommen fleire gonger. Viss du derimot har vore forkjølt, betyr det dessverre ikkje at du aldri blir forkjølt igjen, fordi det stadig dukkar opp nye virus som vi ikkje er immune mot.

Sjukdom og infeksjon

Rød næringsagar med bakteriekoloniar med form som ei hand. Foto.
Bakterievekst etter handavtrykk på agar

Smittsame sjukdommar er kjem av mikroorganismar som bakteriar eller virus. Når ein sjukdomsframkallande mikroorganisme invaderer kroppen, kallar vi det ein infeksjon. Dei mest kjende sjukdomsberarane er virus og bakteriar, men vi har òg andre, som sopp, mikro- og makroparasittar. Mange sjukdommar som for eksempel diabetes eller astma er ikkje smittsame.

Viss ein blir sjuk, kan ein som regel berre vente til det går over sidan kroppen reparerer det meste sjølv. Men av og til treng vi behandling for å bli friske. Somme gonger må ein lære seg å leve med ein sjukdom.

I tillegg har vi ei mengd "snille" mikroorganismar i og på kroppen, men det blir rekna som den naturleg sunne tilstanden og er ikkje ein infeksjon.

Smitte

Bilde av en tenåring som nyser slik at dråpeskyen vises tydelig.
Dropesmitte. Når ein forkjølt person nys, kan virus spreie seg til andre som pustar inn denne lufta.

Smitte betyr at mikroorganismane som fører til sjukdom, kjem seg over frå ein person til ein annan. Dropesmitte vil seie at smitten finst i spytt, og at dei små dropane som blir danna ved hosting, overfører smitte når dei blir pusta inn av ein annan person. Nysing er ein effektiv smittespreiar!

På same måten vil smitte kunne overførast dersom folk et utan å vaske hendene etter for eksempel handhelsing. Typiske eksempel på sjukdommar som blir overførte med dropesmitte, er virussjukdommar som influensa og vanleg forkjøling.

Somme sjukdommar blir overførte seksuelt, slik som gonoré, klamydia og HIV.


Viruspartikler med verdenskart i bakgrunnen.
Epidemiar – pandemiar

Ein pandemi er ein infeksjonssjukdom som rammar menneske eller dyr over eit stort geografisk område.
Eksempler: tuberkulose, svartedauden og fugleinfluensa.

Immunrespons

Rød og hoven hals med store mandler.
Hovne mandlar ved halsbetennelse viser ein kraftig immunreaksjon.

Når vi får ein infeksjon, er det ofte ikkje sjølve infeksjonen vi merkar, men immunreaksjonen. Ein immunreaksjon kan føre til inflammasjon (betennelsesreaksjon), det vil seie at eit område på kroppen hovnar opp, blir raudt og blodfylt og gjerne varmt og ømt.

Når immunapparatet har oppdaga ein infeksjon og set i gang kraftige prosessar for å ta livet av inntrengjaren, sender det ut signal som gjer at blodårene slepper gjennom blodplasma og kvite blodceller.

Bilde av betent øreflipp med ørering.
Betent øyreflipp.

Spesielle signalstoff kan hindre virus i å formeire seg ved å stoppe proteinsyntesen i dei sjuke cellene. Viss vi i tillegg får feber, blir livet endå vanskelegare for mikroorganismane.

Når ei kvise blir raud og hoven, skjer det på grunn av ein inflammasjon. Den gule prikken som kjem i midten, er verk (puss) som består av daude kvite blodceller som kroppen vil kvitte seg med. Klemmer ein på ei kvise, er sjansen stor for at ein skader vevet og forstyrrar heilingsprosessen.

Læringsressursar

Kroppen forsvarer seg mot sjukdommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    5.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vektorboren smitte

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksinering er viktig for å redusere barnedødelegheit

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    13.6

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    MHC (major histocompatibility complex)

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Diagnostisering ved hjelp av antistoff – ELISA

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter