Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. VirusChevronRight
  5. Virusroller – helse og medisinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Virusroller – helse og medisin

Virus blir oftast sett i samband med sjukdom og elende, men virus har mange andre roller som er mindre kjende. Vi har virus i tarmane våre som hjelper oss til å halde oss friske. Bakteriofagar kan bli den nye medisinen som hjelper oss i kampen mot dei multiresistente bakteriane.

Bilde av en tenåring som nyser slik at dråpeskyen vises tydelig. Foto.

Virus og helse

En stor mengde bakteriofager forlater enbakterie som går i oppløsning. Tegning.
Bakteriofagar forlatet vertscella

Virus er berre aktive når dei kjem inn i levande celler. Dei utnyttar dei kapra cellene til å formeire seg og er årsak til sjukdommar som forkjøling, influensa, herpes, koppar, rabies, ebola og AIDS hos menneske.

Les meir om virussjukdommar og immunforsvar i temaet Fysiologien til mennesket – Når smitta kjem inn i kroppen .

Du veit antakeleg at det finst vaksinar mot virus, og at antibiotika ikkje hjelper mot ein virusinfeksjon, men visste du at virus kan verne oss mot sjukdom?

Vi har virus (bakteriofagar) i fordøyingssystemet vårt som går til åtak på sjukdomsframkallande bakteriar, og på den måten hjelper oss med å halde oss friske.

Virus i kamp mot multiresistente bakteriar

Elektronmikroskopbilde av virus som angriper bakterie. Foto.
Bakteriofagar går til åtak på bakterie (elektronmikroskopbilete).

Bakterieinfeksjonar kan ein vanlegvis lækje med antibiotika, men det finst etter kvart mange bakteriestammer, særleg i miljø der det blir brukt mykje antibiotika.

På sjukehus finn ein ofte resistente bakteriar av Pseudomonas-slekta. Dei greier å pumpe ut antibiotika som hamnar innanfor cellemembranen, men bakteriofagar lagar hol i bakterien sin cellemembran. Dermed blir mekanismen som pumpar ut antibiotika øydelagd, og medisinen får full effekt.

Bakteriofagar som målretta medisin

Bakteriofag tegnet som en sprøyte. Tegning.

Forskarar har kartlagt arvestoffet til 500 nye tarmbakteriar og over 800 bakteriofagar som til no har vore ukjende. Dei har òg greidd å finne ut kva for bakteriofagar som går til åtak på kva for bakteriar. Dette kan bli antibiotikaen vår i framtida.

Ved å bruke bakteriofagar målretta mot éin type bakterie, kan ein bevare nyttige bakteriar som elles ville blitt drepne av antibiotika. Det er mykje sunnare for tarmfloraen og dermed for kroppen[1] .

Ved å nytte bakteriofagar som «medisin» mot bakteriar, kan ein redusere bruken av antibiotika.[2]

Virus mot kviser

Enkelte bakteriofagar som lever på huda, kan bli brukte i behandling mot kviser. Forskarar ved universitet i Los Angeles og i Pittsburgh har avdekt 11 typar bakteriofagar som går på kvise-bakteriar og drep dei.

  1. 1«Forskere har funnet 500 nye tarmbakterier». Kristian Sjøgren. 2014.
  2. 2«Virus kan redusere antibiotikabruk». Arnfinn Christiansen. forskning.no. 2007.

Læringsressursar

Virus

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vannkopper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Influensaangrep – virus invaderer kroppen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter