Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. VirusChevronRight
  5. Formeiring av virusChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Formeiring av virus

Alle virus er avhengig av ei vertscelle for å kunne formeire seg. Viruset tar kontroll over cella og bruker materialet i cella til å lage kopiar av seg sjølv. Nokre gongar startar produksjonen omgåande, mens andre gongar kan viruset sitt arvestoff "gøyme seg" i vertscella og reaktiverast seinare.

Virus formeres i ei human celle.

Tek kommandoen

Viruset tek kontrollen over vertscella og brukar cella sitt produksjonsapparat til å lage kopiar av seg sjølv.

Det er viruset sine gen som blir uttrykte, slik at det blir laga byggjesteinar til nye virus. Dei nye proteinkapslane og kopiar av virusarvestoffet blir sett saman til ferdige virus inne i cella. Ei celle kan danne fleire hundre eller tusen nye virus.

Lytisk syklus

Når kapra vertsceller blir tvinga til å produsere store mengder virus til cella sprekk, blir det kalla ein lytisk syklus. Det er dette som skjer når vi blir smitta av influensavirus.

Lysogen syklus

I andre tilfelle vil arvestoffet til viruset smelte saman med vertscella sitt arvestoff utan å ta over kommandoen. Virusgena vil no bli kopierte saman med vertscella sitt DNA ved kvar celledeling.

Herpes og hiv er døme på slike latente provirus som kan liggje skjulte lenge før sjukdomen bryt ut. Dette blir kalla ein lysogen syklus.

Latent provirus

Slike «innebygde» provirus kan føre til gjentekne sjukdomsutbrot utan at dei drep vertscella. Dei kan òg påverke cella sitt eige DNA og gi cella nye eigenskapar. Det er til dømes berre virusinfiserte bakteriar som forårsakar skarlaksfeber og difteri.

Når (RNA-virus) som hiv-viruset kjem inn i ei celle, må arvestoffet transkriberast frå RNA til DNA før det kan smelte saman med arvestoffet i kjernen.

Dersom ein får latente provirus i stamceller som produserer kjønnsceller, vil dei bli nedarva til neste generasjon. Ein reknar med at dette er årsaka til at 5–8 % av mennesket sitt DNA stammar frå fortidig retrovirus.

Frigjering

Frigjering av nye viruspartiklar frå vertscella kan skje anten ved at vertscella lyserer (går i oppløysing), ved eksocytose eller ved utbuking (budding) av viruset gjennom cellemembranen som på dei fire bileta av hiv-virus.

Virus overfører gen mellom artar

Når virus formeirer seg i ei celle, kan dei nye virusa få med fragment av vertscella sitt DNA. Dette arvestoffet kan viruset i neste omgang overføre saman med sitt eige DNA, til nye celler det går til åtak på. Dette kallar vi ein transduksjon.

Læringsressursar

Virus

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vannkopper

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Influensaangrep – virus invaderer kroppen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter