Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. VirusChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Virus må inn i celler

Så lenge eit virus finst utanfor ei levande celle, har det ingen av dei funksjonane som kjenneteiknar ein levende organisme. Situasjonen blir raskt endra så snart virus kjem seg inn i ei celle.

Bakteriofagvirus sitter på utsiden av bakteriecelle. illustrasjon.
Illustrasjon av bakteriofagar som angrip ei bakteriecelle.

Binding til vertsceller

Virus angrip spesifikke celler fordi dei bind seg til bestemte reseptorar som hjelper viruset med å komme gjennom cellemembranen. Virus kjem seg inn i celler ved

  • endocytose
  • membransamansmelting
  • injisering

Endocytose – virus blir tatt opp

Virus som passerer cellemembranen ved endocytose. Foto.
Virus blir teke opp i celler ved endocytose på fleire måtar.

Cella kan oppfatte viruspartikkelen som noko nyttig og tek han aktivt opp ved endocytose. Cellemembranen buktar seg inn og omsluttar viruspartikkelen. Deretter blir ei lita blære snørt av. Den transporterer viruspartikkelen inn i cella. Blæra kan så smelte saman med eit lysosom, slik at arvestoffet med proteinkapselen blir sleppt ut i cytoplasmaet.

Membransamansmelting

Tegning som viser hvordan virus entrer en celle i tre trinn.
Membransamansmelting.

Membranen som er ytst på nokre virus, kan smelte saman med cellemembranen hos vertscella, slik at viruset kjem seg inn i cella. Slik membransamansmelting er spesielt enkel når viruset er blitt sveipt inn i delar av membranen frå den cella viruset blei produsert i. Nye vertsceller vil då identifisere viruset som noko kjent frå eigen kropp.

Injisering

Tegning av bakteriofager som injiserer sitt DNA i en bakterie.
Bakteriofagar sprøytar arvestoffet sitt inn i ein bakterie.

Ein tjukk cellevegg kan vere ein barriere mot virus. Hos plantar og sopp kjem viruset inn der det er skader, eller via insekt som injiserer viruset direkte i cella.

Bakteriofagar lèt kapselen bli igjen utanfor og injiserer berre arvestoffet sitt gjennom celleveggen på bakteriar.

Film med animasjon: "Influensaangrep – virus invaderer kroppen" (engelsk tale, 3.39 min.)

Læringsressursar

Virus

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vannkopper

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Influensaangrep – virus invaderer kroppen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter