Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. VirusChevronRight
  5. Virus – kva er det?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Virus – kva er det?

Virus er arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Dei kan kome seg inn i celler og utnytte desse til å formeire seg. Virus kan også ta opp arvestoff og flytte DNA-fragment mellom organismar. Virus aleine har ingen prosessar som vi forbind med levande liv, så kan vi rekne dei som levande organismer?

Er virus levande?

Virus liknar ingen organismar som vi reknar som levande. Dei tek ikkje inn næring, har ingen metabolisme, veks ikkje og kan ikkje røre på seg eller formeire seg utan hjelp frå levande celler. Dei kan derimot reagere på omgivnadane.

Mikroskopbilde. Foto.
Bakteriofagar som angrip E.coli-bakterie.

Når virus registrerer kontakt med celler, kan dei lure og utnytte den invaderte vertscella. Virus kan også evolvere (utvikle seg) ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene sine, og dei må sjåast som vinnarar når det gjeld å få spreidd gena sine.

På ein måte kan vi seie at virus har stoffskifte og vekst (ved hjelp av vertscellene sine), og evne til reaksjon på omgjevnadene – berre på andre måtar enn andre organismar. Virus utfordrar derfor synet vårt på kva som er ”kriterium for liv”.

Oppbygging

Virus har ein enkel struktur, men likevel stor variasjon i form og strategiar. 5000 virustypar er genetisk kartlagde, men enno blir virus rekna som det største uutforska genetiske mangfaldet på jorda. Virus er minst av alle mikrobar: 20–450 nm (1 nanometer er 10-9 meter) og berre synlege i elektronmikroskop.

Nokre virus har proteinkappe og membran

Virus er arvestoff omgjeve av ei proteinkappe (kapsid) som dannar ein symmetrisk struktur.
Mange virus har også ein vernande membran utanpå proteinkappa. Som hos dyreceller består membranen av eit dobbelt lag av lipidmolekyl (feittstoff) med innfelte glykoprotein. Det er membranen på vertscella som omgjev viruspartikkelen idet han forlèt cella.

I seinare tid har ein funne nokre enno mindre virus som blir kalla viroidar. Desse består berre av ei kort kjede med nukleotid og har ikkje proteinkappe.

Spesielle protein på overflata til viruset fungerer som festemekanismar slik at viruset kan binde seg til celler som skal angripast.

Arvestoffet

Arvestoffet hos virus kan vere sirkulært eller lineært og bestå av DNA eller RNA. Hos virus kan både RNA og DNA vere enkelt- eller dobbelttråda. Mange virus har eit genom som berre består av fire til fem gen. Desse utgjer oppskrifta på proteinkappa og dei få enzyma som trengst for å lage kopi av arvestoffet. Andre virus har fleire hundre gen. Når virus formeirar seg, får dei ofte med fragment av arvestoff frå vertscella, og dei aukar dermed det genetiske mangfaldet sitt.

Tegning av virus som kommer gjennom cellemembranen.
HIV-virus blir frigjort frå cellemembranen hos ein T-lymfocytt

Nokre virus har også enzym som kan fungere som starthjelp når dei kjem inn i celler. Sidan , som hiv-viruset, har RNA som arvestoff, må RNA setjast om til DNA før det kan koplast saman med DNA-et til vertscella. Retrovirus bringar derfor med seg enzymet revers transkriptase (”baklengs omskrivningsenzym”), som set RNA om til DNA i vertscella.

Læringsressursar

Virus

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vannkopper

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Influensaangrep – virus invaderer kroppen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter