Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
  5. Sterilarbeid – tillaging av agarskålerChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Sterilarbeid – tillaging av agarskåler

Lær å lage agarskåler som skal brukast til å dyrke bakteriar i.

Petriskåler med agar. Foto.

Bakgrunn

Agar blir nytta som substrat for dyrking av bakteriar og sopp. Det er eit polysakkarid som blir utvunne frå algar, og som kan kjøpast i pulverform. Agar løyser seg opp i kokande vatn og stivnar til gelé når temperaturen kjem ned mot 40 °C.

Hensikt

I denne øvinga skal vi lage klar agarskåler som skal brukast til å dyrke bakteriar i. Vi nyttar næringsagar, som er agar blanda med gjærekstrakt, vitamin og andre organiske sambindingar.

Utstyr

  • erlenmeyerkolbe 500 ml
  • termometer (gjerne eit IR ikkje-kontakttermometer)
  • bunsenbrennar
  • sterile petriskåler av plast (90 eller 100 mm)
  • nøyaktig vekt
  • autoklav
  • etanol eller isopropanol
  • destillert vatn
  • næringsagar (for eksempel LB-agar)
  • hanskar

Framgangsmåte

Vernetiltak: Unngå å puste inn agarstøv i punkt 1. Beskytt deg mot varme flater og damp i punkt 2, bruk frakk, vernebriller og tjukke hanskar.

Aseptiske tiltak: I arbeidet med punkta 3 til 7 skal du bruke frakk, latex- eller nitrilhanskar og jobbe i ein sterilbenk eller i eit desinfisert avtrekksskap utan at avtrekksvifta står på. Du kan også la ein bunsenbrennar eller spritbrennar stå og brenne inne i skapet frå punkta 4 til 7.

  1. Vekt med kolbe. Foto.
    Agar blir vege opp og blanda med vatn.

    Tilset 10–15 g næringsagar til 250 ml destillert vatn i ein 500 ml erlenmeyerkolbe. (Dette er rådgivande, sjekk oppskrifta som står i bruksrettleiinga for den næringsagaren du bruker.)


    Roter kolben for å blande løysinga. Det er ikkje nødvendig at alt løysast opp, men pass på at det ikkje er store klumpar med agar. Unngå også at det festar seg mykje agar på glasveggen over vassflata.

  2. Dekk toppen av kolben med aluminiumsfolie, og plasser i autoklav. Steriliser i minimum 15 minutt på 121 °C. Ta kolben ut av autoklaven når denne er avkjølt til under 80 °C.

  3. Mens du ventar på at autoklaven skal bli avkjølt, skal du desinfisere benken du skal jobbe på. Tørk grundig over med etanol eller isopropanol. Ein sterilbenk som gir produktvern, er ideell til føremålet.

  4. termometer. Foto.

    Set kolben til avkjøling på den desinfiserte benken i avtrekksskapet. Drei flaska forsiktig av og til for å blande innhaldet.
    Flammesteriliser termometeret (eller bruk eit ikkje-kontakttermometer), og mål temperaturen på agarløysinga.
    Når temperaturen er under 55 °C, kan du begynne å fylle i petriskålene. Gjer klar skåler mens du ventar (sjå punkt 5).

  5. Set 6 sterile petriskåler etter kvarandre på benken med loket på. Merk botnen med initialane dine, dato og type næringsagar. Skriv gjerne smått langs kanten slik at teksten ikkje skjermar for tolking av dyrkingsforsøket.
    Flammesteriliser tuten på erlenmeyerkolben mellom kvar gong du fyller agar i ei skål. Ta av loket på petriskåla med ei hand og hald det i skråstilling over botnen mens du fyller botnen omtrent halvfull med den flytande agaren.

  6. Gassbrenner i avtrekksskap. Foto.

    Legg loket forsiktig på, men lat det vere ein liten gløtt sånn at vassdamp blir lufta ut. Lat petriskålene stå i ro til agaren har stivna. Legg på loket heilt etter 10–15 minutt, eller når agaren har fått same temperatur som omgivnadene.
    Viss du jobbar i avtrekksskap, bør vifta vere slått av for å hindre at ureina luft (mikroorganismar) blir trekte inn til agarplatene.

  7. Lagring av skålene:
    For å unngå at kondensvatn frå loket renn ned i agaren, skal skålene oppbevarast med botnen opp. Viss du ikkje skal bruke skålene med ein gong, må dei pakkast inn i plast og lagrast i kjøleskap. Slik kan dei halde seg i mange veker utan at dei tørkar ut. Bruk gjerne posen som dei sterile petriskålene kom innpakka i (viss han framleis er rein), og tett opninga godt.

Sterilarbeid

Når du jobbar sterilt, er det viktig å vere nøye med åtferda di, val av utstyr og prosedyrar, plassering av utstyr og handtering av prøver. Det hjelper lite at nesten alt er sterilt, om det glepp i eit ledd. Drøft følgjande:

  1. Kva for moglege ureiningskjelder finst her?
  2. Korleis kan vi redusere faren for kontaminering?
  3. Kva kan skje om prøvene blir ureina?
Skap med agarskåler. foto.
Inkubatorskap – dyrking av bakteriar.

Tips til dyrkingsforsøk
Agarplatene kan brukast til dyrking av bakteriar og sopp. Kjøtpeptonagar fremjar veksten av bakteriar, mens agar tilsett maltekstrakt eignar seg til dyrking av sopp.

Du kan ta bakterie- og sopprøver frå omgivnadene dine ved å feste ein teipbit til for eksempel eit handtak. Teipen trykkjer du deretter forsiktig mot agaren og fjernar igjen.

På førehand er det viktig å merke undersida av skålene med kva du tek prøver av, initialane dine og dato. For å unngå at agaren tørkar ut, bruker ein gjerne eit voksband, teip eller liknande til å tette igjen mellom lok og botn.

Dyrkinga kan godt skje i romtemperatur, men kan gå raskare i eit inkubatorskap med litt høgare temperatur (20–37 °C).

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Probiotika - snille og slemme bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forskning på biofilm og bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksiner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter