Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
  5. Bakteriane sine ulike rollerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bakteriane sine ulike roller

Når vi høyrer ordet bakteriar, tenkjer vi som oftast på sjukdom og elende. Men så enkelt er det ikkje. Bakteriane er svært viktige i mange samanhengar. Dei er uunnverlege både i naturen og i kroppen vår, og nyttige i mange industriprosessar, mellom anna til konservering av mat.

I naturen

Bakteriar finn vi over alt i naturen. Somme av dei kan framkalle sjukdom hos plantar og dyr ved at dei produserer giftstoff eller at dei angrip celler. Dei fleste bakteriane har likevel livsviktige oppgåver som er heilt nødvendige for at økosystema skal fungere.

Som nedbrytarar lever bakteriane av daudt organisk materiale. Dei syter for at byggjesteinar kan brukast fleire gongar ved å gjere næringsstoff tilgjengelege for plantar. Utan bakteriar ville organisk avfall hope seg opp, og krinslaup ville stoppa utan denne resirkuleringa av nyttige byggjesteinar.

Bakteriar er også viktige for å omdanne stoff i naturen til stoff som plantar kan nyttiggjere seg. Nitrogen er ein viktig byggjestein i alle levande organismar. Lufta rundt oss inneheld 78 prosent nitrogen (N2), men plantar og dyr kan ikkje utnytte nitrogengassen.

Nitrogenet må bindast og omdannast til ammonium eller nitrat som plantar kan ta opp. Nitrogenfikserande bakteriar lever i jord og i rotknollar hos mange plantar i erteblomfamilien og or (slektene Rhizobium og Frankia). Dei forsyner plantane med bunde nitrogen og får karbohydrat tilbake.

I industrien

Nærbilde av en ost
Det er bakteriane som "gjer" osten.

Yoghurt, ost, spekepølse, brød og øl er alle produkt som er framstilte eller konserverte ved hjelp av bakteriar, og då særleg mjølkesyrebakteriar. Bakteriane er heilt nødvendige for å få fram produkt med kvaliteten ein ønskjer i form av konsistens, smak og viktige helsemessige faktorar.

Bakteriane kan òg inngå i produksjonen av ulike kjemiske stoff. Denne produksjonen er både billegare og meir miljøvenleg enn tradisjonell kjemisk industri. På avfallsplassar gjer bakteriane òg ein viktig jobb. Dei kan endre matavfall og husdyrgjødsel til biogass og biogjødsel.

Helse og miljø

Forsking viser at bakteriar er viktige både for ei sunn fordøying og ei sunn helse. Bakteriar i fordøyingssystemet vårt bryt ned mat vi ikkje kan bryte ned sjølve, dei hemmar veksten av skadelege bakteriar og dei kan produsere K-vitamin i tarmane.

Genteknologi

Bakteriar var dei første organismane som blei genmodifiserte. Genteknologien har gjort det mogeleg å setje nye gen inn i plasmid, og få bakteriar til å ta opp dei genmodifiserte plasmida. Når bakteriar med det nye plasmidet deler seg, får ein mange kopiar av det nye genet. Slike bakteriar kan dyrkast i store tankar der dei produserer det ønskte proteinet etter oppskrift frå det nye genet. Denne teknikken har vore viktig for legemiddelindustrien og blir mellom anna nytta til produksjon av insulin og antistoff til vaksinar.

Bruk av mikroorganismar i produksjonen har gitt reinare medisinar, og ein prosess som er både raskare og billegare enn tidlegare metodar.

Reinsing

Ein kan òg bruke bakteriar til å redusere forureining. Oljeetande bakteriar blir til dømes brukt til reinsing etter oljeutslepp. Dette har god effekt, men prosessen er svært tidkrevjande. Det har òg vist seg at somme naturlege jordbakteriar kan bryte ned miljøgifter som har hamna i naturen etter plantesprøyting. Dette har vidare blitt utnytta til å reinse vatn ved å tilsetje bakteriar til sandfiltera i reinseanlegg. Det er dette vi kallar biologisk reinsing, fordi det er bakteriane som gjer reinsejobben.



Vi finn tilsvarande reinsesystem i kloakkreinseanlegg. Hovudføremålet med biologisk reinsing av kloakk er å redusere nitrogen- og fosforinnhaldet, og å bryte ned dei organiske sambindingane.

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Probiotika - snille og slemme bakterier

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forskning på biofilm og bakterier

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter