Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dei ytre strukturane til bakteriar

Eitt kjenneteikn ved bakteriane er at dei har en cellevegg utanfor cellemembranen. Denne celleveggen er viktig som vern. I tilknyting til celleveggen har også mange bakteriar flagellar som dei brukar til bevegelse.

Tegning av svømmende bakterier med mange lange flageller. Foto.

Celleveggen til bakterien

Bakteriar har ein cellevegg som ligg rundt cellemembranen og stabiliserer fasongen til bakterien. Veggen si evne til å stå i mot trykket i cella hindrar bakterien i å sprekke, når mengda oppløyste stoff gjer at det osmotiske trykket blir høgt. Til dømes kan Escherichia coli ha eit trykk på 2 atmosfærar.

Celleveggen hos bakteriar er hovudsakleg bygd opp av peptidoglykan, og er heilt ulik celleveggane hos plantar og sopp. Peptidoglykan finst i over 100 variantar, men består alltid av to karbohydrat kryssbunde til aminosyrer.

For at dei små bakteriane skal bli lettare å studere i mikroskop, er det vanleg å farge dei med ulike metodar. Fargen er òg til hjelp i klassifiseringa.

Bakteriar kan delast inn i to hovudgrupper, Gram-positive (G+) og Gram-negative (G-), etter om dei let seg farge ved ein metode som blei skildra i 1884.

Gram-positive bakteriar har cellevegg med eitt tjukt lag av peptidoglykanar som tek til seg farge. Celleveggen til gram-negative bakteriar er komplisert bygd med fleire lag, og let seg ikkje farge like lett.

Slimkapsel

En tegnet kjede av bakterier i et slimlag. Foto.
Streptokokkar (gram-positive). Det gel-liknande slimlaget som omgir bakteriane, vernar patogene stammar mot immunsystemet. Desse kan vere årsak til sår hals, betennelse i mandlane, skarlaksfeber og sårinfeksjonar.

Bakteriar har ofte ein karbohydrathaldig slimkapsel rundt seg, som blir skild ut av celleveggen. Kapselen vernar bakterien mot omgivnadene, mellom anna fordi cellene til immunforsvaret ikkje kjenner att bakterien gjennom slimlaget.

Flagellar

tegning av fire måter flageller kan være festet på.
Talet på og plasseringa av flagellane er karakteristisk for bakteriearten.

Somme bakteriar kan røre seg ved å gli på faste underlag og ved gassbobler i væsker, men den vanlegaste rørslemåten er ved hjelp av flagellar (svingtrådar).

Bakterieflagellane er tynnare og enklare bygd enn dei som finst hos eukaryotar, men er den mest kompliserte av organellane hos bakteriar. Flagellane er spiralforma og består av proteinet flagellin. Festa gjennom vegg og membran syter for ei roterande rørsle.

Stavforma og spiralforma bakteriar kan ha flagellar som er fleire gongar lengre enn organismen, og gjer dei i stand til å symje ein avstand som er mange gongar lengda på bakterien per sekund. Evna til rørsle gjer det lettare å overleve, fordi det gjer bakteriane i stand til å flytte seg mot gunstigare miljø.

Trådforma utvekstar

Tegning av to bakterier som utveksler arvestoff. Foto.
Bakteriell konjugasjon. Desse bakteriane har både festetrådar (fimbriar) og sexpilus.

Mange bakteriar har hårliknande strukturar (fimbriar) på overflata si. Nokre av desse hjelper bakterien med å feste seg til overflata på celler, slik at dei kan starte ein infeksjon.

Andre utvekstar er dei røyrforma sexpilus som blir brukt til å overføre arvestoff mellom bakteriar ved konjugasjon.

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Probiotika - snille og slemme bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forskning på biofilm og bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksiner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter