Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
  5. Ulike prokaryote organismarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike prokaryote organismar

Bakteriar og arkar er eincella prokaryote organismar. Desse organismane var dei første som oppstod på jorda. I dag finn vi dei overalt i nesten alle slags miljø.

Bakteriar

Prokaryotane er eincella organismar utan cellekjerne. Vi finn prokaryote mikroorganismar i to av livet sine tre domene: eubakteriar og arkar.

Illustrasjon av utallige bakterier  i rekke på en millimeter.
Dersom ein kunne leggje bakteriar etter kvarandre, ville det ha vore plass til mellom 500 og 4000 etter kvarandre på ein millimeter.

Bakteriar finst i store mengder over alt i naturen: i jord og vatn, på hud, slimhinner og i fordøyingskanalar hjå dyr. Det er skildra over 10 000 artar som ein deler inn i slekter, familiar og ordenar, men mange er framleis ukjende.

Bakteriar er svært små organismar med ei breidd som varierer frå 0,25 til 2 μm og ei lengd frå om lag 1 til 3–400 μm (1 μm = 0,001 mm).

Eubakteriar – ekte bakteriar

Eubakteriar (ekte bakteriar) er det eldste og mest mangfaldige av alle domene. Fossil viser at dei ekte bakteriane fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan. Eubakteriane har ribosom som er mindre enn ribosoma hjå arkar og eukaryotar. Dette kan tyde på at arkane kom seinare.

Eubakteriar finst omtrent over alt. Dei aller fleste av dei er nyttige eller harmlause, men somme er årsak til sjukdom.

I og på ein menneskekropp er det om lag 10 gonger fleire bakterieceller enn menneskeceller, men sidan dei er så små, utgjer dei kanskje ikkje meir enn 2–3 kg for ein vaksen person.

Arkar – urbakteriar (ekstremofile bakteriar)

Arkebakteriar er mikroskopiske eincella prokaryote organismar. Dei er svært like eubakteriane når vi ser på dei i mikroskop, men dei er både genetisk og biokjemisk ulike frå eubakteriane, og liknar meir på eukaryotar.

Grunnen til at dei blir kalla for «arke» (gresk – gamalt) eller urbakteriar, er at dei lever i ekstreme miljø, som kan minne om tilstandane tidleg i jorda si historie. Ein trudde tidlegare at desse var dei første organismane på jorda.

Nærbilde av cellevegg. Foto.
Celleveggen hos arkebakteriar er bygd på ein annan måte enn hos eubakteriar. Han inneheld strukturar som vernar mot ekstreme miljø.

Arkane finst hovudsakleg der andre organismar ikkje greier å leve. Vatn med svært høgt saltinnhald, varme kjelder, oljereservoar og inne i fjell, er døme på ekstreme habitat der det finst arkar. Mange arkebakteriar, som dei metanproduserande som lever i myrar og i tarmane hjå dyr, verken treng eller toler oksygen.

Arkane er oftast kjemotrofe og difor uavhengige av sollys og livet på jordoverflata. Det finst ikkje sjukdomsframkallande arkebakteriar, og ingen av dei er kjende for å vere giftige.

På sidene som følgjer, blir det lagt mest vekt på eubakteriar med tanke på oppbygging, formeiring og roller i og rundt oss.

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Probiotika - snille og slemme bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forskning på biofilm og bakterier

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksiner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter