Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
  5. Utveksling av DNA mellom bakteriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utveksling av DNA mellom bakteriar

Hos bakteriar er det vanleg at gen blir spreidde ved det som kallast horisontal genoverføring. Det vil seie overføring av genetisk materiale frå ein bakterie til ein annan bakterie utan at det går frå foreldre til avkom. Denne evna til å utveksle DNA har ført til stor tilpassingsevne og suksess.

To bakterier er koblet sammen. Plasmidet som overføres er vist ved tegnet åpning i bakteriekroppen. Foto.

Utveksling av DNA

Dei fleste bakteriar aukar den genetiske variasjonen ved å utveksle gen. Givaren sine gen blir dermed ført vidare til neste generasjon når mottakaren deler seg. Ei slik overføring av arvemateriale kan gjerast på tre ulike måtar:

  1. Konjugasjon
  2. Transformasjon
  3. Transduksjon.

Konjugasjon

Transformasjon

DNA-fragment frå daude celler kan sleppast fritt ut i omgivnadene. Bakteriar kan ta opp dette arvestoffet frå omgivnadene. Dette kan dei så setje inn saman med sitt eige DNA. På denne måten får mottakaren endra genotypen sin og få nye eigenskapar. Iveren etter å ta opp DNA-fragment aukar når miljøforholda er ugunstige.

Denne forma for overføring blir ofte nytta eksperimentelt i forskingssamanheng der ein legg bakteriar i ei løysing av DNA-fragment.

Transduksjon

Ved transduksjon blir bakterie-DNA overført mellom bakteriar via bakteriofagar. Ein bakteriofag er eit virus som går til åtak på bakteriar og formeirer seg i desse. Når bakterien produserer nye bakteriofagar, kan DNA-et i dei nye virusa få med fragment av bakterien sitt DNA. Dette arvestoffet kan viruset i neste omgang overføre saman med sitt eige DNA, til andre bakteriar det går til åtak på.

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Probiotika - snille og slemme bakterier

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forskning på biofilm og bakterier

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vaksiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter