Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Prokaryote celler – bakteriarChevronRight
  5. Formeiring hos bakteriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Formeiring hos bakteriar

Bakteriar formeirer seg ukjønna ved ei særskild form for celledeling som kallast binær fisjon (todeling). Denne forma for formeiring kan gå så raskt at det ved særleg gunstige forhold går under 20 minutt mellom kvar nye generasjon.

Binær fisjon – bakterien kopierer seg sjølv

Når miljøforholda ligg til rette for det, kan talet på bakteriar auke kraftig i løpet av kort tid. Då kopierer dei seg sjølve gjennom ei spesiell celledeling som kallast binær fisjon. Før bakteriecella kan dele seg, må kromosomet (DNA) og eventuelle plasmid kopierast. Når delinga er fullført, har det blitt danna to genetisk like dotterceller.

En bakterie deler seg ved binær fisjon. Illustrasjon.
  1. Bakterien før celledelinga. DNA er kveila opp.
  2. DNA har replikert (kopiert seg sjølv) før celledelinga startar.
  3. Bakterien blir større, og DNA forflyttar seg til kvar side av bakterien.
  4. Ein ny cellevegg begynner å vekse innover.
  5. Den nye celleveggen er komplett, og bakterien deler seg.
  6. To dotterceller med oppkveila DNA, plasmid og ribosom.

Læringsressursar

Prokaryote celler – bakteriar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?