Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prokaryote og eukaryote celler

Lenge var prokaryote celler den einaste forma for liv på jorda. Etter millionar av år utvikla dei prokaryote cellene seg til meir komplekse celler med ekte kjerne, dei eukaryote cellene. Alt frå amøbar til menneske og sopp er laga av eukaryote celler, mens ekte bakteriar og arkebakteriar er prokaryote.

Prokaryote celler (bakterier) har ingen cellekjerne eller andre organeller med membraner rundt.
Eukaryot celle med ekte cellekjerne (til venstre) og prokaryot celle utan cellekjerne (til høgre).

Prokaryote og eukaryote celler

Celler blir delte inn i to hovudtypar: prokaryote og eukaryote celler. Eincella organismar kan vere prokaryote eller eukaryote. Alle fleircella organismar er eukaryote.

Prokaryote celler har ingen cellekjerne

Dei første livsformene som oppstod på jorda for cirka 4 milliardar år sidan, var prokaryote celler.

Prokaryotene omfattar:

  • ekte bakteriar (eubakteriar)
  • arkebakteriar (arker)
Skjematisk figur av ei prokaryot celle. Illustrasjon.
Bakteriar har ikke cellekjerner og reknast som prokaryote organismar.

Typiske trekk ved prokaryote organismar:

  • enkle eincella organismar utan cellekjerne
  • berre eit ringforma kromosom med nakent DNA
  • celler har mindre ribosom og manglar organellar som mitokondriar og kloroplastar
  • bakteriane har cellevegg, men han er verken lik celleveggane hos plantar eller hos sopp
  • somme bakteriar har også enkle flagellar som dei kan bevege seg med

Eukaryote celler har cellekjerne

Eukaryote celler er grunneininga i

  • protistar (eincella "dyr", algar og slimsopp)
  • plantar
  • sopp
  • dyr
Skjematisk tegning av eukaryot celle. Illustrasjon
Planteceller er eukaryote celler.

Typiske trekk ved eukaryote celler er at dei har

  • cellekjerne med kromosom som blir stavforma under deling
  • mitokondrier og fleire andre organellar som er omslutta av membranar
  • større ribosom enn prokaryotane
  • i somme tilfelle fleksible flagellar slik som flimmerhår og sædcellehalar

Eukaryote celler ble danna ved symbiose

Endosymbioseteorien[1] forklarer korleis eukaryote celler oppstod ved symbiose mellom ulike prokaryote organismar (bakteriar). DNA-analysar viser at mitokondriar og kloroplastar har opphavet sitt i eubakteriar. Til dømes er kloroplastane i slekt med dei frittlevande blågrønbakteriane (cyanobakteriane). DNA i ribosom og kjerne liknar meir på det vi finn i arkebakteriar.


Vi har flest prokaryote celler i kroppen

I ein menneskekropp er det cirka ti gonger fleire bakterieceller enn menneskeceller[2]. Bakteriane er svært små samanlikna med kroppscellene, og ein går ut i frå at bakteriane utgjer ein til to kilo av kroppsvekta vår. Dei fleste bakteriane er nyttige for oss og finst hovudsakleg på huda og i endetarmen.

  1. 1«Endosymbioseteorien». Sigbjørn Fossum. 2012.
  2. 2«Bakterier». Wikipedia. 2012.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter