1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
  5. Forsøk: Epitelceller – overflateceller i munnholaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Epitelceller – overflateceller i munnhola

Fargeløse runde celler med tydelig kjerne og kornete cytoplasma.
Ufarga epitelceller frå innsida av kinnet.

Hensikt

I dette forsøket skal du lage og studere eit preparat av dyreceller. Vi bruker overflateceller (epitelceller) frå vår eigen munn. Ved hjelp av mikroskop skal du prøve å identifisere ulike organellar i dyreceller, anslå storleiken på cellene og dokumentere det du observerer, med skisser eller bilete. Desse cellene er i utgangspunktet fargelause, men vi tilset fargestoff for å få betre kontrast.

Utstyr

  • Mikroskopbilde.
    Mikroskopbilete av farga epitelceller frå innsida av kinnet.
    bomullspinnar/tannpirkarar
  • objektglas
  • dekkglas
  • filterpapir
  • linsepapir
  • løysning av metylenblått
  • dropeteljar
  • mikroskop

Framgangsmåte

  1. Skrap forsiktig med ein bomullspinne på innsida av kinnet.

  2. Rull/stryk bomullspinnen på eit objektglas slik at cellene frå munnhola legg seg på glasflata.

  3. Dryp ein drope metylenblått på objektglaset og senk dekkglaset over preparatet.

    Alternativ metode:
    Skrap forsiktig med bakenden av ein tannpirkar på innsida av kinnet. Rør med tannpirkaren i ein drope metylenblått på eit objektglas. Legg på dekkglas.

  4. Sug vekk overflødig væske med filterpapir.

  5. Studer preparatet i mikroskopet ved fleire forstørringar. Kva fasong har dyrecellene? Bruk blendar og kondensor slik at du får sjå flest mogleg detaljar.


Dokumentasjon

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Ta bilete av cellene gjennom okularet med mobiltelefon eller fotoapparat.
  2. Arbeid med bileta i eit biletbehandlingsprogram og set namn på delane, eller lag ei skisse som du skriv på.
  3. Beskriv fasongen til epitelcellene og berekn storleiken på dei. Du kan finne diameteren på synsfeltet ved hjelp av millimeterpapir.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter