Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
  5. Forsøk: Oppbygginga til laukcellaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Oppbygginga til laukcella

På innsida av eit laukskjel finn du eit hudlag som berre er eitt cellelag tjukt. Dette eignar seg svært godt til mikroskopstudiar. Viss du bruker vanleg hushaldslauk (kepalauk), bør du tilsetje ein drope jodløysning for å få meir kontrast i biletet.

Mikroskopbilde som viser løkceller som danner tett vev. Foto.
Laukceller med tydelege kjernar og celleveggar.

Utstyr

  • laukskjel av matlauk (gjerne raudlauk)
  • jodløysning
  • skalpell
  • pinsett
  • dropeteljar
  • filterpapir
  • objektglas
  • dekkglas
  • mikroskop

Framgangsmåte

  1. Den tynne løkhuden på innsiden av et løkskjell.
    Laukhud.

    Snitt med ein skalpell (cirka 1 x 1 cm) på innsida av eit laukskjel. Bruk pinsett til å losne laukhuda.

  2. Dryp ein drope jodløysning på eit objektglas og legg hudbiten i dropen. Hudbiten bør vere mindre enn objektglaset. Du kan òg leggje hudbiten på objektglaset før du tilset jodløysning.
  3. La løysningen trekkje inn i laukhuda eit par minutt før du legg på dekkglaset.
  4. Senk dekkglaset forsiktig ned utan å trykkje på det (sjå figur).
  5. Sug opp overflødig væske med filterpapir.
  6. Studer preparatet i mikroskopet ved fleire forstørringar.
    Obs! Viss okularet forstørrar 10 x, blir forstørringa 400 x når du bruker ei linse som forstørrar 40 x. Styrken står skriven på okular og linser.
    Bruk blendar og kondensor slik at du får sjå flest mogleg detaljar. Prøv å finne:

    1. celleveggar med porer

    2. cellekjernar

    3. cytoplasma

    4. vakuolar

Dokumentasjon

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Ta bilete av cellene gjennom okularet med mobiltelefon eller fotoapparat.
  2. Arbeid med bileta i eit biletbehandlingsprogram og set namn på delane, eller lag ei skisse som du skriv på.
  3. Kan du anslå lengd og breidd på ei laukcelle? Du kan starte med å berekne diameteren på synsfeltet ved hjelp av millimeterpapir.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter