Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
  5. Stereolupe – innstilling og brukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Stereolupe – innstilling og bruk

Stereolupa gir tredimensjonale bilete og moderate forstørringar som gjer det lett å få eit konkret forhold til preparatet. For eksempel er stereolupa svært godt eigna til å studere små organismar, som symjande vasslopper i ei petriskål.

To jenter studerer plankton i stereoluper. Foto.

Det kan vere nyttig å ha ein skriftleg instruks når ein skal lære å behandle stereoluper riktig. Desse punkta er eit forslag til ein slik instruks.


Framgangsmåte

  1. Stereolupe og dorull som avstandsholder. Foto.
    Du kan få fine bilete ved å fotografere med mobiltelefon gjennom okularet på ei stereolupe.
    Tenn lyset. Bruk overlys og minste forstørringa først.
  2. Legg for eksempel ein mynt på plata under objektiva.
  3. Bruk fokuseringsskruen og still hovudet med okulara i lågaste stilling.
  4. Sjå ned i okulara og lyft okularhovudet til du ser mynten tydeleg. Bruk no eitt auge om gongen og sjå om biletet blir like skarpt for begge auga. Viss dette ikkje er tilfellet, må okulara justerast. I tillegg til fokuseringsskruen som beveger objektiva, kan det eine okularet fokuserast med ein såkalla diopterring òg.
    1. Begynn med det okularet som ikkje har diopterring.
    2. Lukk det eine auget og bruk fokuseringsskruen til du får eit skarpt bilete av mynten.
    3. I det andre okularet bruker du diopterringen til å få eit skarpt bilete for det andre auget.
    4. Bruk no begge auga og juster avstanden mellom okulara til du får eit samanfallande, tredimensjonalt bilete av mynten.
  5. Sirkellundt bilde av vanninsekt.
    Vassnymfelarve i stereolupe
    No kan du endre forstørringa ved å skifte objektivpar, som sit i trommelen nedst på hovudet. Drei på trommelen til du høyrer eit lite knepp.
  6. Bruk skruen til å justere skarpleiken sidan det forstørra biletet ikkje nødvendigvis er like skarpt over alt.
  7. Viss du ser på gjennomsiktige preparat, kan du bruke underlyset. På somme stereoluper er det mogleg å bruke over- og underlys samtidig.
  8. Før du set bort lupa, må du alltid tørke av eventuelt vassøl og leggje over støvhette.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter