Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Membranblærer: Vakuolar, lysosom og peroksisom

Membranblærer/vesiklar er væskefylte blærer som finst inni cella. Det finst ulike typar vesiklar: Vakuolar finst først og fremst i planteceller, lysosom finst antakeleg berre i dyreceller, mens peroksisoma finst både i plante- og dyreceller.

Modell av plantecelle.

Vakuolar finst i planteceller

Vakuolar er væskefylte blærer som er omgitt av ein membran (tonoplast). Unge celler i delingsvev har gjerne mange små vakuolar som seinare smeltar saman til ein stor vakuole i modne celler.

Væska i vakuolane inneheld ei mengd oppløyste stoff som uorganiske ion, gassar, karbohydrat, organiske syrer, enzym og fargestoff.

Vakuolane sin funksjon

  • Regulere vassbalansen i cella
  • Den høge konsentrasjonen av oppløyste stoff i vakuolen trekkjer til seg vatn ved osmose. Vakuolen eser ut og skapar eit trykk mot cytoplasma og cellevegg. Denne saftspenninga (turgotrykket) gir stivleik og støtte som bidreg til å halde planten oppreist. Ved for lite tilgang på vatn blir trykket lågare, og plantar som ikkje er vedaktige, blir slappe (visnar).
  • Lagre uorganiske sambindingar og avfallsstoff
  • Regulere stofftransporten mellom væska i vakuolen og cytoplasma
  • Reaksjonsrom
  • Vakuolane fungerer som reaksjonsrom og fyller rolla som lysosom. Vakuolane inneheld enzym som spaltar bestemte organiske sambindingar, og er derfor viktige for cella sin stoffomsetnad.
  • Lagre giftstoff
  • Nokon planteceller produserer giftige stoff som blir lagra i vakuolen, noko som fører til at planten smakar vondt eller blir giftig. Dette verkar avskrekkande på planteetarar og aukar planten si overlevingsevne.
  • Gi farge til blomar, frukt og bær
  • Vakuolane kan innehalde oppløyste pigment (fargestoff) som gir farge til delar av planten. Desse fargane kan i nokon grad vere påverka av pH-verdien i jordsmonn og nedbør. Nokre av haustfargane på blad skuldast auka produksjon av antocyanin som kjem til syne når klorofyllet blir brote ned.

Lysosom ryddar opp i dyrecellene

Lysosom er små membranblærer som fungerer som dyrecella sitt reinhaldsverk. Dei er avsnørte frå golgiapparatet og inneheld spesielle enzym (cirka 50 ulike lysozym). Desse kan bryte ned alle typar makromolekyl, giftstoff, bakteriar, slitne organellar og celler som er skadde eller daude.

Mikroskopbilde av et hvitt blodlegeme. Foto.
Makrofag med lysosom.

Lysosomer blir kalla "sjølvmordsorganellar" fordi dei slepp enzyma ut i cytoplasmaet og bryt ned slitne og daude celler. Dette kallast autolyse. Under fosterutviklinga er lysosoma viktige for å få brote ned vev som skal fjernast, slik som huden mellom tær og fingrar.

Når fagocytter, eincella organismar eller andre celler tar inn partiklar ved endocytose, vil lysosom smelte saman med næringsvakuolen slik at enzyma kan bryte ned innhaldet til mindre byggesteinar.

Lysosom finst i eit stort tal hos dyreceller (spesielt mange i fagocyttar), mens plantar har vakuolar som fungerer som lysosom.

Peroksisom er viktige i stoffskiftet

Kloroplast og peroksisomer. Illustrasjon.
Kloroplast og peroksisom (små blå organellar). I planter er peroksisoma blant anna viktige for feittsyremetabolisme, avgifting og plantane sitt immunforsvar.

Peroksisom er små membranblærer som er mindre enn lysosoma og finst i alle eukaryote celler. Dei inneheld enzym som bryt ned mindre molekyl som fettsyrer og aminosyrer. Dei er derfor viktige for stoffskiftet. Når feittsyrene er delvis brotne ned, blilr dei sende vidare via cytoplasmaet til mitokondriane der feittsyrene inngår i celleandinga.

Under nedbrytinga av feittsyrer i peroksisoma blir det danna hydrogenperoksid (H2O2) som er svært giftig for cella. Hydrogenperoksid blir raskt omdanna til oksygen og vatn ved hjelp av enzymet katalase.

Peroksisoma finst i alle cellene i kroppen, men det finst spesielt mange i lever- og nyrecellene.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter