Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
  5. Endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparatChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparat

Både endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparatet er membransystem med væskefylte kanalar og blærer. Begge har ei rolle i ferdigstillinga av protein, men oppgåvene deira er ulike. ER har viktige transportoppgåver mellom kjernen og ribosoma, mens golgiapparatet driv etterbehandling av protein.


Endoplasmatisk retikulum (ER) – plasmanettverk

Tydelig RU endoplasmatisk nettverk (med ribosomer) i pattedyrcelle. Illustrasjon.
Pattedyrcelle med plasmanettverk, kjerne og mitokondrier

Plasmanettverket er eit membransystem som består av væskefylte kanalar med membranveggar og blærer. Rommet mellom membranane kallar vi lumen. Nettverket fyller store delar av cytoplasmaet og heng saman med den ytre kjernemembranen.

Plasmanettverket er delt inn

  • glatt nettverk/ER (uten ribosom på overflata)
  • kornete netterverk eller ru ER (med ribosom på overflata)

Nettverka heng saman med kvarandre, og den eine typen kan gli over i den andre typen. Den relative mengda av ru og glatt endoplasmatisk retikulum varierer mellom forskjellige celletypar.

Glatt ER – oppbygging og omsetting

Det glatte nettverket er mellom anna involvert i oppbygging og omsetning av stoff som karbohydrat, feittsyrer, fosfolipid og kjønnshormon. Glatt ER i levercellene har enzym som bryt ned giftstoff frå til dømes medisinar og rusmiddel.

I mjølkekjertlar hos pattedyr går mjølkeproduksjonen føre seg i glatt ER. Konsentrasjonen av kalsiumion (Ca2+) blir òg regulert i glatt ER. Dette verkar mellom anna inn på muskelsamantrekningar.

Ru ER – transport og lagring

Det kornete nettverket transporterer RNA frå cellekjernen og ut til ribosoma, sorterer og vidaresender protein frå ribosoma og fungerer i tillegg som lagringsplass for ulike stoff.

Ribosom på det kornete nettverket (ru ER) produserer mellom anna membranprotein og protein som skal brukast utanfor cella, slik som fordøyingsenzym og somme hormon.

Protein blir frakta rett frå ribosoma og inn i lumen (holrommet) på ru ER. Her blir sukkermolekyl festa på proteinet (glykosylering) slik at dei blir til glykoprotein. Sukkermolekyla fungerer som ein adresselapp. Proteina blir så sorterte, pakka i transportvesiklar (blærer) og sende til riktig adresse når dei blir skilde ut frå plasmanettverket.

Golgiapparatet er cellas pakkesentral

Mikroskopbilde av golgiapparat, som kan minne ol en tallerkenstabel.
Golgiapparatet fungerer som pakkesentralen til cella. Protein som kjem i transportvesiklar frå ru ER, blir modifiserte, pakka og sende vidare til riktig adresse.

Golgiapparatet består av flate membransekker (cisterner) som er stabla oppå kvarandre. Hovudoppgåvene til golgiapparatet er å ferdigstille protein (for eksempel enzym) og å sortere, pakke og transportere dei til riktig stad.

Vesiklar med nye protein frå ER smeltar kontinuerleg saman med membransekkar i golgiapparatet. Proteina skal anten bli brukte i golgiapparatet, i andre organellar eller bli sende ut av cella. Golgiapparatet er òg stad for lagring av protein og for produksjon og frakt av komplekse polysakkarid (karbohydrat) som inngår i celleveggen.

I golgiapparatet blir proteina sende vidare i stabelen med membransekker mens dei får påkopla karbohydrat og fosfatgrupper. Dette gjer at dei blir falda til ein funksjonell struktur – klare til bruk. Sterke enzym, som dei nedbrytande lysozyma, går gjennom ei etterbehandling i fleire lag (cisterner) før dei blir pakka klare i vesiklar som lysosom.

Protein som skal skiljast ut av cellene (sekresjon), blir avsnørte i vesiklar som seinare smeltar saman med cellemembranen slik at innhaldet kan tømmast på utsida ved eksocytose.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter