Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
  5. Mitokondriar og ribosomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mitokondriar og ribosom

Mitokondriar og ribosom er organeller som finst i alle celletypar. Mitokondriane er cellene sitt energiverk. Det cellene treng av energi (ATP) bli hovudsakleg produsert her. Produksjonen er avhengig av fleire hundre typar enzym og protein. Danninga (proteinsyntesen) av desse går føre seg på ribosoma.

Mitokondriar – celleanding gir ATP

Farget mikroskopbilde som viser mitokondrier tett i tett og noen lysosomer i denne nyrecella. Illustrasjon.
Snitt gjennom nyrecelle med mange mitokondriar. Eincella organismar inneheld ofte berre ein mitokondrie, mens levercellene til mennesket har frå eitt til to tusen mitokondriar (opptil ein femdel av volumet).

I mitokondriane skjer den aerobe celleandinga. Her blir energien frå næringsstoffa danna om til . Dette er små energipakkar som blir brukte til alle energikrevjande prosessar i cellene.

Talet på mitokondriar i ei celle varierer med kva for oppgåver cella har, fordi oppgåvene styrer energibehovet. Ei muskelcelle har derfor langt fleire mitokondriar enn ei hudcelle, og raude blodceller har ingen mitokondriar.

Mitokondriar er pølseforma organellar med dobbel fosfolipidmembran. Sidan den inste membranen er sete for mange viktige enzymstyrte reaksjonar, vil ekstra mange faldar gi større overflate og dermed auka produksjon av ATP. I det inste rommet (matriks) finst mellom anna fleire hundre enzym og mitokondrie-ribosom, som òg er sentrale i celleandinga.

Utan oksygen stoppar celleandinga

Utan tilgang på oksygen stoppar produksjonen av ATP i mitokondriane. Dei første trinna i celleandinga (glykolysen) går føre seg i cytosol og er uavhengig av oksygen. Denne anaerobe prosessen kan ikkje vare lenge, fordi han gir lite energi (ATP) og mykje avfallsstoff i form av mjølkesyre.

Endosymbioseteorien – utviklingshistorie

Mitokondriane har sitt eige DNA og produserer derfor somme protein sjølve. Sidan mitokondriane inneheld små ringforma DNA-molekyl og ribosom av "bakterietypen", trur ein at mitokondriane stammar frå prokaryote mikroorganismar som blei innlemma i den primitive cella. Om endosymbioseteorien på SNL.no.

Ribosom

Ribosoma er små kornforma "proteinfabrikkar" som det finst ei stor mengd av i cellene. Dei er sette saman av ei lita og ei stor eining som består av 60 prosent rRNA og 40 prosent protein.

Celler med ulike funksjonar produserer forskjellige protein sjølv om mange av proteina er dei same. Bukspyttkjertelcellene produserer insulin, mens nokre hudceller produserer fargestoffet melanin.

Nokre ribosom er knytta til det kornete plasmanettverket (ru ER). Protein frå desse ribosoma blir transporterte inn i nettverket og ofte vidare til golgiapparatet før dei får sin endelege struktur. Andre ribosom finst fritt i cytoplasmaet og produserer protein som skal brukast i cytosol.

Proteinsyntese i ribosoma

Modell av et ribosom i to deler. Illustrasjon.
Ribosoma består av to delar. I denne modellen er den vesle eininga blå og den store eininga raud. rRNA er vist som mørke blå og raude fargar, mens dei lysare fargane er protein.

Ribosoma set om (transkriberer) den genetiske koden frå til protein. Den store og vesle eininga av eit ribosom sluttar kring og flytter seg langs mRNAet. Aminosyrene blir sette saman i den rekkjefølgja som kodane på mRNA gir, etter kvart som oppskrifta blir lesen.

Ei lang rekkje med aminosyrer blir kalla eit polypeptid. For at proteinet/enzymet skal bli aktivt, må polypeptidkjeda faldast til sin bestemte struktur. Ferdigstilling av proteina skjer både i plasmanettverket og i golgiapparatet.

Storleiken på proteina varierer veldig. Dei minste kan bestå av 50 aminosyrer, mens dei store kan ha fleire tusen aminosyrer og vere sette saman av fleire polypeptidkjeder.

Organellar som mitokondriar (hos plantar og dyr) og plastid (hos plantar) har sine eigne ribosom som liknar på prokaryote ribosom.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter