Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Celler og organellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Cellemembranen

Dei eukaryote cellene har ein enorm variasjon i storleik og form, men også mange fellestrekk. Alle eukaryote celler består av tre hovuddelar: cellemembran, cellekjerne og cytoplasma med organellar. Cellemembranen omsluttar dei eukaryote cellene, og er viktig med tanke på vern, kommunikasjon og transport.

Cellemembranen – beskyttande yttergrense

Cellemembranen avgrensar cellene frå omgivnadene og vernar innhaldet ved at han skapar og held ved like eit stabilt indre miljø. Dette gjer han ved å kontrollere transporten av stoff inn og ut av cella. Cellemembranen deltek òg i kommunikasjonen med andre celler ved at molekyl på overflata svarer/responderer på hormon og andre signalmolekyl.

Fosfolipid er både vatn- og fettløyselege

Detaljert illustrasjon av oppbygging av cellemembran. Illustrasjon
Fosfolipidene har eit «hovud» som er vasstiltrekkjande (hydrofilt), og to fettløyselege «halar» som er vassavstøytande (hydrofobe).

Cellemembranen består i hovudsak av eit dobbelt fosfolipidlag med protein. Fosfolipida har eit «hovud» som er vasstiltrekkjande (hydrofilt) og to feittløyselege «halar» som er vassavstøytande (hydrofobe).

Dei feittløyselege delane i fosfolipida står vende mot sentrum av membranen og dannar eit hydrofobt midtsjikt. Overflatene på den doble membranen er derimot hydrofile, fordi dei vassløyselege delane vender ut mot omgivnadene og inn mot celleinnhaldet. Fleire av organellane inne i cellene er òg omgitte av ein dobbel fosfolipidmembran. Denne liknar cellemembranen, men utvalet av membranprotein kan variere.

Membranprotein har ulike funksjonar

Protein utgjer omtrent 50 prosent av membranmassen. Membranproteina har mange ulike funksjonar. For eksempel finst det fleire typar ionekanalar som hjelper vassløyselege stoff som ion, karbohydrat og aminosyrer gjennom cellemembranen. Desse har ei kappe av vatn rundt seg og kan ikkje passere det hydrofobe midtsjiktet i membranen. Ein annan type membranprotein er spesialiserte reseptorar, som mellom anna tek imot signal frå vassløyselege hormon.

Læringsressursar

Celler og organellar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreftoversikt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arvestoff – omgrepsforklaringar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter