Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aktiv transport ved endo- og eksocytose

Store molekyl eller partiklar, som verken kan passere via membranen eller proteinkanalar, blir frakta inn og ut av celler i membranblærer (vesiklar). Det kallas endocytose når dette skjer ved opptak og eksocytose ved utskiljing. Felles for begge er at dei nyttar blærer og krev energi.

Mikroskopbilde av makrofag som omsluttar en bakterie.
Mikroskopbilde av ein makrofag som omsluttar og bryt ned ein bakterie.

Endocytose – transport inn i cella

Celler kan ta opp større partiklar frå utsida av cella og frakte dei inn i cella ved endocytose. Yttermembranen på cella dannar då ei innbukting som etter kvart omsluttar partiklane og blir avsnørt, slik at det blir danna ei blære (vesikkel) på innsida av cellemembranen – eit endosom.

Innhaldet i blæra blir brote ned ved hjelp av enzym frå lysosom. Blæra vandrar deretter tilbake og smeltar saman med cellemembranen (eksocytose).

Endocytose kan delast inn i tre former

  • Fagocytose: Større partiklar blir tekne opp ved fagocytose. Eincella dyr som amøbar tek opp næringspartiklar ved fagocytose. Fleircella organismar har fagocyttar som kan ta opp bakteriar og slitne eller infiserte celler på denne måten.
  • Pinocytose er opptak av molekyl som er løyste i væske. Små væskedråper blir omslutta av cellemembranen før dei blir avsnørte og førte inn i cella.
  • Reseptorutløyst endocytose: Molekyla som blir tekne opp, blir bundne til spesielle reseptorar på cellemembranen før opptak. Dette gjeld makromolekyl, ofte protein, som er fanga opp av membranreseptorar på celleoverflata.

Eksocytose – transport ut av cella

Eksocytose er det motsette av endocytose. Store molekyl og partiklar som skal skiljast ut av cella, blir omslutta av ein membran slik at dei dannar ei blære (vesikkel). Vesikkelen går mot cellemembranen og smeltar saman med han, slik at innhaldet blir tømt på utsida av cella.

Enzym og andre store molekyl som skal brukast utanfor cella, blir snørte av som vesiklar (membranblærer) frå golgiapparatet. Avfall og ufordøya restar blir òg omslutta av membranblærer. Alle slike vesiklar som skal tømme innhaldet utanfor cella, gjer det ved å smelte saman med cellemembranen.

Kanaltransport mellom celler

Kanalar mellom celler hjå både planter og dyr gjer at cytoplasmaet i naboceller står i kontakt med kvarandre. Dette er viktig for at celler skal kunne samarbeide. Kanalane bind også cellene saman i eit vev.

Hos planteceller er desse kanalane (plasmodesmata) opne heile tida. Her kan det skje passiv transport av vatn, næringsstoff og signalstoff.

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter