1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
  5. Aktiv transportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aktiv transport

Aktiv transport er energikrevjande transport av stoff gjennom ein cellemembran. Dette skjer når stoff blir transporterte mot høgare konsentrasjon av stoffa.

Aktiv transport

Aktiv transport er energikrevjande transport av stoff gjennom ein cellemembran. Aktiv transport kan skje:

  • med molekyl som er for store til å diffundere gjennom membranen
  • mot konsentrasjonsgradienten (frå lågare til høgare konsentrasjon av stoffet)
  • mot ladningsgradienten (transport av ion til sida av membranen som har overskot av same ladning)

Proteinpumper

Proteinpumper er spesialiserte for å transportere bestemte stoff. Dei endrar form når dei får tilført energipakka (), og presser molekyl eller ion gjennom ved aktiv transport. Det finst mange typar proteinpumper.

Aksonenden av ein nerveutløper møter ein dendritt til ein anna nervecelle. Dette kallas ein synapse og her skjer overføringa av nerveimpulsar.
Aksonenden av ein nerveutløper møter ein dendritt til ei anna nervecelle. Dette kallas ein synapse, og her skjer overføringa av nerveimpulsar.

Eit eksempel på proteinpumper er dei som frå synapsene etter at det har gått ein nerveimpuls. Signalstoffa er store molekyl som ikkje kan diffundere gjennom membranen, men må bli frakta bort med aktiv transport for at impulsen skal stoppe.

Ionepumper

Ionepumper er proteinpumper som bruker energi på å frakte ion mot konsentrasjonsgradienten, frå lågare til høgare konsentrasjon av ionet. Aktiv transport av ion held konsentrasjonsskilnaden ved lag, slik at passiv transport av ion kan skje ved diffusjon. Dette er blant anna viktig for kotransport og for at ein nerveimpuls kan kunne gå.

Natrium-kalium-pumpa (Na+/K+-pumpa)

Natrium-kalium-pumpa er ei ionepumpe som driv aktiv transport av to typar ion mot konsentrasjonsgradienten. Ettersom Na+/K+-pumpakrev energi i form av ATP når Na+-ion blir pumpa ut og K+-ion pumpa inn i cellene, kallar vi det primær aktiv transport.

Pumpa blir driven av ATP og pumpar tre natriumion (Na+) ut og to kaliumion (K+) inn i cella for kvart ATP-molekyl som blir brote ned (ATP ⟺ ADP + P + energi).

Na+/K+-pumpa held dermed ved lag ein høg konsentrasjon av kalium inni og ein høg konsentrasjon av natrium utanfor cella. Denne spenningsforskjellen på inn- og utsida av cellemembranen (kvilepotensialet), er nødvendig for at ein nerveimpuls skal kunne spreie seg.

Kopla transportar – kotransport.

Ved kopla transportar er det ein type ion som blir frakta med konsentrasjonsgradienten ("nedoverbakke"), som gir energi til å frakte ein annan type molekyl/ion mot gradienten ("motbakke").

Drivkrafta for kopla transportar er ionepumper (aktiv transport) som sørgjer for konsentrasjonsgradienten til ionet som skal transporterast med gradienten sin.

Kopla transportar blir rekna som sekundær aktiv transport fordi ATP berre er indirekte involvert i transporten.


Stoffa som inngår i kopla transportar, kan bli frakta same veg (symport) eller motsett veg (antiport).

Eksempel på kotransport les meir

Na+ gir energi til frakt av glukose

Glukose blir frakta inn i cellene ved hjelp av Na+-ion i ein kotransport. Ettersom natriumiona har blitt pumpa ut mot konsentrasjonsgradienten av Na+/K+-pumpa, har dei potensiell energi i forhold til innsida av membranen. Det vil seie at natriumiona lett kan renne tilbake ved diffusjon. Men dei kan òg bli fanga opp av spesielle proteinpumper som utnyttar energien deira til kotransport.

Eit spesielt transportprotein (proteinpumpe) kan utnytte energien i natriumiona til å frakte glukose mot konsentrasjonsgradienten ("motbakke"). Her treng ein ikkje energien frå ATP direkte, sidan det er konsentrasjonsforskjellen (potensiell energi) for natriumion som blir utnytta.

Na+ kan "renne tilbake med straumen" og ta glukose med seg i ein sekundær aktiv transport. Transportproteinet endrar form og "tømmer" glukosemolekylet på innsida av membranen. Na+-iona blir pumpa ut igjen ved hjelp av Na+/K+-pumpa.

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter