1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
  5. Passiv transport – diffusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Passiv transport – diffusjon

Passiv transport er bevegelse av stoff gjennom ein cellemembran utan bruk av energi. Bevegelsen går frå ein stad med høg konsentrasjon av stoffet, til ein stad der konsentrasjonen av stoffet er lågare. Vi seier at stoffet bevegar seg med konsentrasjonsgradienten. Diffusjon og osmose er døme på passiv transport.

Diffusjon – frå høg til låg konsentrasjon

Diffusjon er spreiing av stoff i gass og væske med konsentrasjonsgradienten (frå høgare til lågare konsentrasjon), slik at stoffet blir jamt fordelt i det rommet som er tilgjengeleg.

Diffusjon skjer når molekyl og ion bevegar seg. Denne bevegelsen er tilfeldig, men blir påverka av temperatur og partikkelmasse. Små partiklar ved høg temperatur bevegar seg raskast og gir derfor raskare diffusjon enn når partiklane er større eller temperaturen er lågare.

Ved diffusjon gjennom membranar, skil vi mellom:

  • enkel diffusjon
  • fasilitert diffusjon
  • osmose

Enkel diffusjon – transport av små upolare molekyl

Enkel diffusjon er transport av små upolare molekyl rett gjennom fosfolipidlaget i cellemembranen.

Transporten går alltid med gradienten. Små molekyl med høy feittløyselegheit diffunderer (bevegar seg ved hjelp av diffusjon) raskare enn større molekyl som er mindre løyselege i feitt.

Stor konsentrasjonsforskjell på inn- og utsida av membranen fører til at diffusjonen går raskare. Når forskjellen er utlikna, vil transporten bli lik begge vegar.

Stoff som kan diffundere gjennom fosfolipidlaget:

  • gassar som oksygen (O2) og karbondioksid (CO2)
  • feittløyselege hormon (steroid) som østrogen, testosteron, tyroksin og adrenalin
  • feittløyselege vitamin: A, D, E og K
  • vassmolekyl (H2O) (Desse er polare, men er så små at dei i nokon grad kan passere mellom fosfolipida.)

Fasilitert diffusjon – transport gjennom kanalar i cellemembranen

Fasilitert diffusjon er passiv transport av ion og polare molekyl gjennom proteinkanalar i cellemembranen. Slik transport går alltid med konsentrasjonsgradienten (frå høgare til lågare konsentrasjon av stoffet) utan at cella brukar energi.

I cellemembranen sit det fleire typar spesialiserte protein:

Kanalprotein

Nokre membranprotein dannar kanalar gjennom membranen. Slike transportmolekyl kan vere opne, eller opnast og lukkast etter behov ved hjelp av kjemiske eller elektriske signal.

Passiv transport gjennom proteinkanalar sørgjer for transport av ion og bestemte vassløyselege molekyl, som ikkje kan passere det hydrofobe (upolare) laget i cellemembranen.

Spesialiserte kanalar lar bestemte ion strøyme fritt frå høg til låg konsentrasjon. Til dømes er éin type kanal open for kaliumion (K+), ein annan type kanal for natriumion (Na+) og ein tredje for kloridion (Cl-).

Berarprotein/transportprotein

Dei opne proteinkanalane slepp ikkje gjennom større molekyl som aminosyrer, glukose og små protein. Slike molekyl bind seg til transportproteinet slik at kanalen endrar form, og slepp molekyla gjennom, utan tilført energi.

Transportproteina (berarproteina) er spesifikke for kvar type molekyl som skal transporterast.

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter