Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Blodceller og osmose

En finger med bloddråpe over et objektglass. Foto.

Forsøk med blod – tryggleik

  • Elevane skal sitje aleine og berre jobbe med eigne blodprøvar.
  • Bruk sterile blodlansettar eller blodstikkarar for eingongsbruk.
  • Læraren samlar inn glas og stikkreiskapar og forseglar dei i støtsikre merkte boksar, som deretter kan leverast på apotek eller til andre institusjonar som har forsvarleg avfallshandtering.
  • Set plaster på stikket for å hindre blodsøl.
  • Blodsøl skal desinfiserast.
Meir om desinfeksjonsmiddel

Det er ikkje alle desinfeksjonsmiddel som drep virus.

  • Eit godkjent desinfeksjonsmiddel er Kloricid.
  • 70 % etanol (denaturert sprit/raudsprit) drep virus når blodsølet blir vaska bort mekanisk.
  • Konsentrert Klorin (handelsvare) fortynna med to delar vatn er òg eit virucid, men er ikkje eit godkjent desinfeksjonsmiddel.
Klorgass blir frigjord ved bruk av klorhaldige desinfeksjonsmiddel som Klorin og Kloricid.

Hensikt

I denne øvinga skal du studere samansetjinga av blodet og forma på dei ulike cellene og samanlikne osmose og plasmolyse i dyre- og planteceller, og knytte dette til forskjellar i oppbygginga av plante- og dyreceller.

Utstyr

  • steril blodlansett eller stikkpenn (for å få ein bloddrope)
  • objektglas
  • dekkglas
  • mikroskop/stereolupe
  • fysiologisk saltvatn (0,9 % NaCl-løsning)
  • metta saltløysning (NaCl)
  • vatn

Framgangsmåte

  1. Dekkglass senkes mot bloddråpe og fysiologisk saltvann på objektglasset.
    Senk dekkglaset for å unngå luftbobler. Her er bloddropen tynna ut med fysiologisk saltvatn.
    Stikk eit hòl på sida av ein finger og klem ut ein bloddrope.
  2. Lag mikroskopipreparat av bloddropen og sjå på preparatet med låg forstørring. Auk deretter forstørringa.
    Dersom det blir for tett med celler, kan preparatet fortynnast med fysiologisk NaCl-løysning (0,9 %).
    1. Kva ser du?
    2. Kan du sjå forskjellen på raude og kvite blodceller?
    3. Kan du sjå blodplater?
    4. Kva form har dei raude blodcellene?
  3. Lag hypotesar før du startar på punkt 4 og 5.
  4. Tilset nokre dropar metta NaCl-løysning ved kanten av dekkglaset. Bruk eventuelt filterpapir for å trekkje saltløysningen inn i preparatet. Observer kva som skjer.
  5. Lag eit nytt mikroskopipreparat og tilset reint vatn ved kanten av dekkglaset. Observer kva som skjer. Ser du forskjell frå det du observerte i punkt 4?

Dokumentasjon

Rødgule celler ser ut som baller med lite luft som er trykt flate på midten.
Blodceller sett i mikroskop med to ulike forstørringar uten tilseting av vatn eller saltløysning.

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Ta bilete av blodcellene gjennom okularet med mobiltelefon eller fotoapparat.
  2. Rediger bileta i eit biletbehandlingsprogram eller lag ei skisse som du skriv på.
  3. Beskriv raude og kvite blodceller og eventuelt blodplater viss du ser dei.
  4. Stemte hypotesane dine? Forklar kva som skjer når du
    1. tilset metta NaCl-løysning
    2. tilset reint vatn
  5. Forklar likskapar og ulikskapar mellom dyre- og planteceller ut frå det du har observert.

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Binding av gjærceller i alginat

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff