Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. CellebiologiChevronRight
  4. Transport gjennom cellemembranenChevronRight
  5. Forsøk: Plasmolyse i planteceller (raudlauk)ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Plasmolyse i planteceller (raudlauk)

Mikroskoppreparat og snitt av rødløk.
Plasmolyse i raudlauk

Innleiing

Raudlauk eignar seg godt til dette forsøket fordi cellene er relativt store med tydelege rosaraude vakuolar. I somme av cellene kan du sjå at kjernen ligg inntil celleveggen, omgitt av eit tynt sjikt med cytoplasma. Når kjernen ser ut til å liggje i vakuolen, er han over eller under vakuolen.

Hugs at cellene ikkje er flate. Lag gjerne eit par ekstra vasspreparat som du kan bruke som referanse og til ekstra forsøk.

Hensikt

Undersøk kva som skjer med saftspenninga i laukceller når du tilset salt og endrar pH.

Utstyr

  • mikroskop
  • skalpell, pinsett
  • dropeteljar
  • filterpapir
  • objektglas
  • dekkglas
  • raudlauk
  • metta saltløysning (NaCl)
  • fortynna syre (HCl)
  • fortynna base (NaOH)

Framgangsmåte

  1. Et lag med rød hud rives av en rødløk.
    Lag eit mikroskoppreparat av den raude huda på yttersida av eit laukskjel. Sjå på huda i mikroskop med minste forstørring og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    1. Du vil no sjå store celler som er fylte med raud cellesaft heilt ut mot celleveggen. Cytoplasmaet ser vi berre som eit tynt fargelaust sjikt mellom vakuolen og celleveggen. Nokre celler er fargelause fordi dei er skadde og har mista cellesafta.
    2. Ta bilete med mobiltelefon eller kamera gjennom okularet, eller teikn ein figur der du set namn på delane.

  2. Tilset nokre dropar metta saltløysning ved kanten av dekkglaset mens du held eit filterpapir ved motsett side av dekkglaset. På den måten trekkjer du saltløysninga under dekkglaset.

    1. Følg med i mikroskopet og dokumenter det du ser.
    2. Kan du forklare det som har skjedd?
    3. Kan du snu (reversere) prosessen?

  3. Fargeendringar og pH
    Forsøket kan utvidast ved å studere fargeskiftet ved tilsetjing av sur og basisk løysning:

    1. Tilset nokre dropar syre eller base ved kanten av dekkglaset og trekk væska gjennom ved hjelp av eit filterpapir.
    2. Løkceller med rosa og grønne fargenyanser.
      Ei anna moglegheit er å tilsetje syre ved den eine sida av dekkglaset og base ved den motsette sida.

      Følg med i mikroskopet og dokumenter det du ser.

Dokumentasjon

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon til journalen.

  1. Ta bilete av cellene gjennom okularet med mobiltelefon eller fotoapparat.
  2. Arbeid med bileta i eit biletbehandlingsprogram og set namn på delane, eller lag ei skisse som du skriv på.
  3. Forklar kva som skjer når du
    1. tilset metta saltløysning (kva er plasmolyse?)
    2. reverserer prosessen
    3. tilset syre
    4. tilset base

Læringsressursar

Transport gjennom cellemembranen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Binding av gjærceller i alginat

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff